– Raskare breiband over satellitt har gjort at skip og fiskebåtar er blitt like attraktive mål for dataangrep som ein fabrikk på land.
Det seier Roar Pedersen som er dagleg leiar i Ålesund Data, som driftar IT-systema og cybertryggleiken for ei rekke reiarlag langs kysten.
Dei registrerer ein stor auke i digitale angrep mot maritime verksemder.
Raskare satellitt-internett har vore med og gjere skip til meir attraktive mål for hackarar, seier dagleg leiar Roar Pedersen i Ålesund Data.
Foto: SelskapetNy utvikling = nye problem
Norsk industri har fått god hjelp frå teknologien å takle dei store utfordringane sine dei siste åra.
Nye verktøy som avansert dataanalyse, KI, robotteknologi og sjølvgåande produksjonssystem er blitt ein viktig del av arbeidet med å takle problem som mannskapsmangel, effektiviseringspress, høge lønskostnadar og miljøkrav.
Men den maritime bransjen har ikkje hatt like stor sjanse til å ta del i teknologifesten. I alle fall ikkje før i det siste.
Det er ikkje berre dårleg ver som kan stanse drifta til sjøs. Raskare satellittsamband og fleire datasystem gjer båtar til meir attraktive mål for hacking.
Foto: KystvaktenEtter at Elon Musk lanserte sitt satellitt-breiband «Starlink» har også skip og fiskebåtar fått «ekte» internett med like god hastigheit som på land.
Dermed kan også dei endeleg ta i bruk moderne IT-teknologi om bord. Men den utviklinga fører også med seg nye problem.
- Les også: Åtvarar mot angrep på telenettet
Dobling i angrepsforsøk
Mellom 2021 og 2023 vart det registrert ei tredobling i talet på løysepengeangrep i maritim sektor, ifølge Norma Cyber, som har oppdraget med varsling av digitale trugslar for Kystverket og Sjøfartsdirektoratet.
Moderne frakteskip og fiskebåtar er allereie fullpakka med IT-system som overvakar produksjon, driftssystem og maskiner. Likevel har dei ikkje vore veldig plaga med hacking eller digitale angrep.
Det skuldast at internettsambandet offshore har vore ei langt treigare affære enn på land, med fleire sekunds responstid.
– Det er mykje som har endra seg etter at båtane fekk Starlink, seier Pedersen.
Når breibandet til sjøs blir like bra som på land, vil ein også få dei same problema som på land.
– Dersom vi ser det frå ein hackar sitt synspunkt, så har det no opna seg eit heilt nytt landskap av moglege angrepsmål.
Driftskritiske system
Fiskebåtreiarlaget Strand reiarlag i Ålesund er avhengige av ei rekkje kritiske IT-system på sine fire havgåande fiskefartøy.
– Vi snakkar om store summar dersom nokon skulle klare å lamme produksjonslinjer, fryseriet eller i verste fall motorar og navigasjon, forklarer dagleg leiar Elisabeth Strand.
Strand Rederi har ei mengde forskjellige IT-system som er kritiske for produksjonen om bord i sine fire havgåande fiskefartøy. Dagleg leiar Elisabeth Strand.
Foto: Jon Heli / NRKI 2021 kom selskapet til at dei ikkje lenger kunne sikre datatryggleiken sjølv, og inngjekk samarbeide med ein ekstern leverandør.
– Det gir oss ein heilt annan tryggleik. Leverandøren har alarmsystem som overvakar alle prosessane om bord, og vi får berre ein rapport om kor mange innbrottsforsøk som er blitt avverja den siste månaden, seier Strand.
IT-system for produksjonslinjer, fryseri, motorar og navigasjon er alle potensielle mål for cyberangrep om bord i ein moderne fiskebåt.
Foto: Øystein Otterdal / NRKGår sikkert bra-haldning
Ei undersøking frå Det Norske Veritas (DNV) viser likevel at teknologioptimismen er vesentleg høgare hjå maritime aktørar enn i resten av industrien.
83 prosent meiner selskapet deira har god kontroll på cybersikkerheita – sjølv om like mange seier dette no er den største risikoen for drifta, og at dei tilsette ikkje har god nok kunnskap om digitale trugslar.
Leiar for cybertryggleik i Det Norske Veritas (DNV), Svante Einarsson, trur den maritime bransjen viser ei viss grad av falsk tryggleik.
Foto: DNVLeiar for cybertryggleik i DNV, Svante Einarsson, konkluderer med at det eksisterer «ei viss grad av falsk tryggleik», og at den maritime bransjen har all grunn til å bekymre seg over den kraftige auken i cyberangrep mot forsyningskjedene.
– Dei marine aktørane kan føle at dei er godt førebudde fordi dei har brukt meir pengar og ressursar på cybertryggleik. Men verkelegheita er nok meir kompleks enn det, åtvarar Einarsson.