Hopp til innhold

Fleire forseinkingar for Havila Kystruten

Havila Kystruten må kansellere nok ei rundreise med skipet «Polaris», heiter det i ei børsmelding, ifølgje Sunnmørsposten.

I januar meldte selskapet for første gong at Polaris måtte avlyse eller utsetje utreise. Då var grunngjevinga for at overtaking av skipet vart utsett at selskapet som skulle finansiere fartøyet vart utsett for sanksjonar.

Planen for oppstart av drift skal ifølgje børsmeldinga vere 10. mai.

– Som tidlegare meldt, har selskapet søkt om lisensar som er nødvendige for at selskapet skal kunne løyse inn gjelda og få frigjort sikkerheita knytt til selskapet sitt skip. Lisensane er ikkje mottatt, skriv selskapet i børsmeldinga.

Havila Polaris
Foto: Havila