Hopp til innhold

Redda måse som hadde fått stålstreng gjennom halsen

Då ein måse blei observert med ein stålstreng gjennom halsen i Ålesund var det fleire gode hjelparar som stilte opp.

Nåse fekk streng gjennom halsen i Ålesund.

STRENG: Slik såg måsen ut då den kom inn til veterinæren. Strengen stakk ut av halsen.

Foto: Wenche Ystenes

Det var tidlegare denne veka at dyrevenn Ingrid Cecilie Ulla blei kontakta av nokon som hadde observert ein måse i nærleiken av Ålesund kyrkje. Då hadde den ein stålstreng som stakk ut av halsen.

– Det er uklart korleis det har skjedd. Truleg hadde strengen gått gjennom nebbet og så ut nakken. Det var ein stiv streng, ein slik du må bruke to hender for å bende, fortel Ulla.

Det var Sunnmørsposten som først skreiv om redningsaksjonen.

Stort engasjement

Etter å ha funne måsen, gjorde dei eit forsøk på å fange den, men lukkast ikkje.

– Eg la ut ein post på Facebook og spurte om nokon hadde ein lang håv som vi kunne bruke til å fange den, fortel Ulla.

Dette førte igjen til eit stort engasjement for å hjelpe. Det blei blant anna starta ein innsamlingsaksjon for å kjøpe ein slik håv.

– Eg trur at folk såg på videoen kor gale det var, seier Ulla.

På videoen ser ein tydeleg strengen som hadde gått gjennom nebbet og ut nakken.

– Kan ikkje fatte det

Innlegget om måsen i Ålesund blei delt på kryss og tvers i landet. Hjelpeviljen førte også til at fugleobservatør Ingar Støyle Bringsvor blei kontakta. Han bur i Sande kommune, men valde å ta turen til Ålesund for å hjelpe.

Ingar Støyle Bringsvor med lundeunge

Ingar Støyle Bringsvor blei kontakta om måsen i Ålesund og bestemte seg for å hjelpe til.

Foto: Arild Hareide

– Eg har jo både utstyr og kunnskap til å fange slike dyr. Eg synest det er bra at folk bryr seg, det er det vi treng. Måsane høyrer jo til på kysten, seier han.

Bringsvor har observert fuglar i ei årrekke. Han fortel at han har sett mykje rart opp gjennom åra. Likevel synest han episoden i Ålesund er spesiell.

– Eg skjøner ikkje korleis den har fått det til og at strengen sat fast som den gjorde. Eg kan ikkje fatte og begripe korleis det har skjedd. Heldigvis ser det ikkje ut til at den har fått varige mein, seier han.

Les også Skikjørere reddet pus fra bratt fjelltur

Veterinær fjerna strengen

Etter å ha blitt fanga blei måsen frakta til veterinær av Wenche Ystenes.

Ho er ein av dei som starta og står bak den frivillige hjelpegruppa «Kellys håp» på Facebook. Der hjelper dei til og deler innlegg om sakna dyr eller dyr som treng hjelp.

– Veterinæren klipte av den delen av strengen som stakk ut av nakken, og då var det berre å dra den andre delen ut av nebbet. Men dei måtte bedøve den først, fortel Ystenes.

Måse som blei redda i Ålesund.

Etter ein tur til veterinæren fekk måsen kome til hektene igjen hos Ingrid Cecilie Ulla.

Foto: Ingrid Cecilie Ulla

Slept fri igjen

Etter besøket hos veterinæren kom måsen tilbake til Ingrid Cecilie Ulla, som også jobbar som glasblåsar.

– Eg har plass til å ha fuglar på glasverkstaden i korte periodar. Vi hadde den inne i to daga for å sjekke at den kunne ete og var i god form, fortel ho.

Måsen blei også ringmerka før den seinare blei sleppt fri.

Etter nokre dagar blei måsen slept fri igjen. Fugleekspert Ingar Støyle Bringsvor fekk merka fuglen og var med på å sette den fri igjen.

– Det blei ein lykkeleg slutt. Eg er veldig glad for engasjementet som denne saka har skapt, seier Ulla. Ho vektlegg at det er viktig å ta vare på fuglar. Spesielt no på vinteren når det er kaldt og matmangel.

Måsen har blitt merka med registreringsnummeret JUH25.

– Det er Ingrid sin forteneste at denne fuglen blei berga, så ho har også fått namnet Ulla, seier Wenche Ystenes.

Dei to seier at alt ser lovande ut og er håpefulle for at det skal gå bra med den unge homåsen. Dei ber no folk halde auga opne.

– Vi ønsker folk gir beskjed dersom dei ser eller kjenner igjen registreringsnummeret, slik at vi kan følge med på ho framover, seier Ystenes.

Les også Ugle i Linerlevegen fekk hjelp – flaug mot Uglevegen

Ugle fekk hjelp i Linerlevegen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL