Fjellvandring aukar mest

Fjellvandring er den turistaktiviteten i verda som aukar mest. Det viser trend-undersøkinga til Adventure Travel Trade Assosiation for 2018. Miljødirektoratet og mange andre organisasjonar arbeider no med å legge til rette for at naturen skal tåle auka aktivitet - med til dømes skilting og forsterking av stiar. Reiselivsorganisasjonane bur seg også på at stadig fleire folk vil kome til landet for å gå på tur, seier Haaken Christensen som er seniorrådgjevar for naturbasert reiseliv i Innovasjon Norge.

To par ben på toppen.
Foto: Philip Hofgaard / NRK