Både i tingretten og lagmannsretten vart Ålesundsselskapet West Fish Aarsæther dømt til å betale erstatning for brot på leveringsplikta til Domstein sitt anlegg i Vadsø.
Lagmannsretten dømde West Fish Aarsæther til å betale til saman 800.000 kroner i erstatning til Domstein Vadsø for brot på leveringsplikta av fisk. Men det er ikkje erstatningssummen saka dreier seg om.
Derimot er det den prinsipielle delen av domen som vert anka, seier Oddmund Olsen i West Fish. Han seier det er kriteria for fastsetting av pris som ligg til grunn for anken.
Spørsmål om pris
I domen vert det nemleg slått fast at trålaren "Vadsøjenta" har plikt til å levere fisken til Domstein Vadsø til ein pris som er bassert på gjennomsnittet av Råfisklaget sine prisar dei tre siste månadane.
Ifølgje Olsen kan kjøparen difor skaffe seg rimeleg fisk når prisane er på veg opp og elles plukke der prisen er best. Problemet med denne ordninga vert understreka med at det er store variasjonar for prisane på fisk, og at kjøparen difor kan spekulere med å gjere dei beste kjøpa.
Leveringsplikt
Ordniniga med leveringsplikt for trålarar vart innført for å sikre råstoff til Fiskeindustrien i Finmark og dermed sikre arbeidsplassane i industrien.
West Fish poengterer at dei ikkje er imot ei leveringsplikt for trålarar, men at det er måten det vert gjort på som kan slå skeivt ut. Det statleg nedsette "Eigarskapsutvalet" har foreslått ei anna ordning, der mellom anna grunnlaget for prisen ikkje skal gå så langt tilbake i tid. I tillegg går "Eigarskapsutvalet" inn for at leveringsplikta skal vere gjensidig, nemleg at mottakar også har plikt til å ta i mot fisken.
No vert det opp til Høgsterett å avgjere om lovverket er godt nok til å ivareta dei distriktspolitiske omsyna.