Hopp til innhold

Medaljen glapp for Tale

Roaren Tale Fiskerstrand Gjørtz kom på fjerdeplass i VM for U23 i Litauen. 22-åringen er skuffa over at det ikkje vart medalje.

Tale Fiskerstrand

Finalen i singelsculler i U 23 var jamn og Tale Fiskerstrand Gjørtz hadde eit håp om å kome heim med medalje. I staden enda ho på den sure fjerdeplassen.

– Vi er skuffa over at det ikkje vart medalje, men nøgd med gjennomføringa, seier trenar og far Åke Fiskerstrand.

Dårleg bane

Han meiner at Tale hadde den verste bana i dag, med mest vind og bølgjer, og han trur det kan ha kosta ho medaljen.

– Hadde ho rodd fortare under semifinalen i går, hadde ho fått ei betre bane, seier Fiskerstrand.

No skal Tale heim til Ålesund og fortsette treninga.

Neste konkurranse er EM i Italia i september.