Fiskarlaget godtar ikkje bygging av vindmøller i havet før ein nasjonal plan er på plass. Dei følgjene ei utbygging av Havsul-prosjekta kan få for fiskerinæringa, er ikkje grundig nok utgreidde. Konsekvensutgreiinga inneheld ei rekkje feil og manglar som tyder på at det har vore gjort hastverksarbeid, meiner Møre og Romsdal Fiskarlag.
Fiskarane fryktar at vindmøllene lagar lydbølgjer i vatnet, og seier at det ikkje er utgreidd korleis dette verkar inn på fisken.