NRK Meny
Normal

Fiskarar fryktar kaos med ny fangst-app

Fleire har problem med å laste ned appen, og hevdar dei ikkje får hjelp hos Fiskeridirektoratet når dei ber om råd.

Kystfiske-app for fiskarar av Fiskedirektoratet

Fiskarar er usikre på den nye appen som skal brukast til fangstrapportering.

Foto: Ivar Lid Riise/Skjermdump fra app / NRK

Fiskarlaget er skeptisk til innføringa av ein ny app, som skal brukast til fangstrapportering. På søndag byrjar fangstrapporteringa å gjelde for båtar mellom 13 og 15 meter.

Fylkesleiar i fiskarlaget, Ole Morten Sorthe, meiner direktoratet har for stort hastverk i denne saka.

Ole Morten Sorthe

Leiar i fiskarlaget, Ole Morten Sorthe, vil at fiskarane skal bli følgt opp nærmare før appen blir innført.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Direktoratet bør utsette innføringa av denne løysinga fram til alt fungerer skikkeleg.

Vil prøve seg fram

Han vil at fiskarane skal få betre oppfølging i overgangen til elektronisk fangstrapportering.

– Dette er nytt for veldig mange, og folk må få prøve seg litt fram, seier fylkesleiaren.

Det var Fiskeribladet Fiskaren som først omtalte denne saka.

Kystfiske-appen vekker reaksjonar blant fiskarane. Ordninga er kalla «Forskrift om elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy under 15 meter». Eit langt namn om ein komplisert app, meiner mange.

Sorthe presiserer at fylkeslaget ikkje er imot ei elektronisk fangstrapportering, men synest det skulle vore mogleg å laste ned hjelpemiddelet både på nettbrett og pc, ikkje berre på smarttelefon.

Vil vente med kontrollering

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

Fiskeridirektøren seier at dei ikkje kjem til å starte med kontrolleringa med det same.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Fiskeridirektør Liv Holmefjord kjenner seg ikkje igjen i kritikken. 1. februar blir appen innført, men direktoratet vil vente med kontrollane.

– Det skal vere ei gradvis tilvenning til den enkelte fiskaren. Vi kjem ikkje til å handheve meldeplikta med det same, og når vi startar med å handheve reglane kjem vil til å ha ein tett dialog med næringa sine organisasjonar.

Holmefjord kan ikkje seie når den elektroniske fangstrapporteringa kjem til å bli kontrollert. Det kjem an på kva for erfaringar dei gjer seg etter 1. februar.