Hopp til innhold

Fire personar trefte av lynnedslag

Éin mann i 50-åra er skadd etter eit lynnedslag på Mjølvafjellet i Rauma, der fire personar blei trefte.

Lynnedslag

Her har ambulansehelikopteret landa etter å ha frakta ned dei to siste personane frå Mjølvafjellet.

Foto: Svein Frode Heen

I 14.30-tida laurdag blei eit turfølgje på fire trefte av eit lynnedslag på Mjølvafjellet i Rauma, nær Åndalsnes.

Ein mann i 50-åra blei hardast råka, men alle fire måtte hentast ned av helikopter.

Klokka 15.55 hadde alle fire blitt henta ned frå fjellet, før dei blei frakta til Ålesund sjukehus.

Full redningsaksjon

Det var klokka 14.34 at AMK fekk melding om eit lynnedslag på Mjølvafjellet i Rauma.

– Vi har sett i gang ein redningsaksjon i Rauma. Fire personar har blitt trefte av lyn, opplyste operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK klokka 15.20.

Det var tre menn og éi kvinne, på tur i nordenden av Mjølvafjellet i Rauma, som blei trefte av eit lynnedslag. Alle fire er frå Noreg.

– Éin er meldt skadd, sa Bergem-Ohr.

Ambulansehelikopter blei sendt raskt ut og inn i ulukkesområdet. Sea King-helikopter frå Florø blei òg rekvirert.

Klokka 15.55 vart alle dei fire trefte blitt henta ned frå fjellet.

– Redningsaksjonen frå politiet si side er no avslutta, opplyser Bergem-Ohr.

Alle til observasjon

Den hardast råka av dei fire, ein mann i 50-åra, har seinare fått alvorsgrada nedjustert.

– Ein mann i 50-åra har lette til moderate skadar. Dei tre andre personane førebels ingen påviste skadar, men dei blir på sjukehuset til observasjon, seier kommunikasjonsrådgjevar Roland Mauseth til Dagbladet.

Lynnedslag Rauma

Fire personar blei trefte av lynet i nordenden av Mjølvafjellet i Rauma.

Foto: Google Maps/NRK/montasje

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL