Hopp til innhold

Fire drap på eitt år har gått utover andre politisaker

Det har vore eit krevande år for politiet på Sunnmøre. Fire drapssaker gjorde at publikum har fått mindre hjelp til andre saker. Politimeisteren trur det vil vise att på oppklaringsstatistikken.

Den døde mannen fraktes ut fra leiligheten i Øvre Holen

I oktober vart ein mann i Spjelkavik funnen drepen. Dette er den fjerde drapssaka på eit drygt år.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Ingar Bøen

Politimeister Ingar Bøen seier drapssakene har vore krevande og gått utover andre saker.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

På litt over eitt kalenderår har Sunnmøre politidistrikt stått ovanfor fire drapssaker. I august 2013 vart studenten Anja Weløy Aarseth funnen død på byfjellet Aksla. I oktober same år døydde Preben Mikael Dimmen frå Ulstein etter ein valdsepisode.

Deretter fulgte Hareiddrapet 8. august 2014, der Sami Milhelm vart funnen drepen. I haust var Spjelkavikdrapet den store saka politiet har jobba med. 21. oktober vart ein mann funnen drepen etter ein brann. Politimeister Ingar Bøen seier det har vore tøft for politiet.

– Det har vore krevande saker, som har stilt store krav til politiet, seier Bøen.

Andre saker vert skadelidande

Drapssakene har vore så ressurskrevande at det har gått utover alle andre saker. Folk frå alle einingar i politiet har blitt brukt i drapsetterforskingane, og dermed har det blitt mindre patruljeteneste, trafikkontrollar og etterforsking av andre saker.

– Vi er eit lite politidistrikt med få tilsette og det seier seg sjølv at når vi må samle alle ressursar inn på drapssaka, vert mindre saker lidande. Slik er det berre, seier Bøen.

Han reknar med at dette vil gi eit utslag i politiets statistikkar der oppklaringsprosenten vert målt.

Lærer mykje

Aldri før har Sunnmøre politidistrikt hatt så mange drap i løpet av ein så kort periode. Det har også gitt stor lærdom.

– Vi får ei enorm trening, så fagmessig vert vi stadig betre. Øving gjer meister, seier politimeisteren.

Det dei ikkje klarer å bli vande til er all sorg og smerte dei møter i desse vanskelege sakene. Drapssakene går innpå politifolka og kjem nært på dei. Bøen trur det er heilt tilfeldig at det hopa seg opp med drapssaker i denne perioden og fryktar ikkje at dette er ein tendens.