Hopp til innhold

Stansa med 2,7 i promille etter vinglete køyring

Ein mann i 50-åra vart i ettermiddag stansa av politiet med ein promille på 2,7 på Ellingsøy i Ålesund. Politiadvokaten vil vurdere å beslaglegge bilen hans.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Ellingsøy» i nytt vindu

Det var klokka 15.30 i dag at politiet fekk melding frå vitner om ein bilist som køyrde vinglete. Då politiet fekk stansa bilføraren, blåste han heile 2,7 på promilletesten.

– Dette er ei svært høg promille og vi ser alvorleg på saka, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

Mannen i 50-åra høyrer til i ei nabokommune til Ålesund og har tidlegare blitt fråteken førarkortet etter promillekøyring. Han er frakta til legevakta for å ta blodprøve.

– Vi vurderer om vi skal beslaglegge bilen hans, seier Amdam. Det er det politiadvokaten som avgjer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL