Hopp til innhold

Fellesforbundet meiner streiken har knytta dei tilsette saman

Lokallagsleiar Cecilie Søllesvik i Fellesforbundet rosar streikevaktene etter at hotellstreiken no er avslutta.

Cecilie Søllesvik og Kari Ansnes Hoset

No slepp leiar i Fellesforbundet, Cecilie Søllesvik, og Kari Ansnes Hoset å stå streikevakt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ifølge Søllesvik har det vore stor medlemsvekst den månaden streiken har vart. Ho viser til over 1000 nye medlemmar på landsbasis og 20 av desse på Nordmøre og i Romsdal.

– Streiken har ført dei tilsette godt saman og med fleire medlemmar blir klubbane sterkare, seier Søllesvik, som meiner streikevaktene har vist stor stå på vilje og godt humør.

Semja inneber høgare løn og ikkje minst lokal forhandlingsrett.

Kan bidra og påverke

Leiar i Fellesforbundet, Cecilie Søllesvik, og organisasjonssekretær Ronny Hol

Streiken har ført til medlemsvekst, seier Cecilie Søllesvik, her saman med organisasjonssekretær Ronny Hol.

Foto: Fellesforbundet

– Tillitsvalde og tilsette får dermed bidra og påverke på sin arbeidsplass mykje meir enn før gjennom lokale forhandlingar. Og det vil vere positivt både til dei tilsette og for bedriftene.

No skal Fellesforbundet følge opp sine tillitsvalde slik at dei får kursing i forhandlingar, lovar og avtalar, slik at dei er godt budde når dei skal i gang med lokale lønsforhandlingar. Dei skal gjennomførast med bakgrunn i økonomi, framtidsutsikter og konkurranseevne til den enkelte bedrift.

– Det er slik det er gjort i alle år i alle andre bransjar.

Tilbake til normalen

No er Søllesvik opptatt av at medlemmane skal kome rast tilbake i jobb. Formelt er streiken avblåst frå klokka 12 i dag, men fleire stader kjem ikkje verksemda i gang før måndag morgon.

Lokallagsleiaren meiner det fleire stader har vore ein god tone mellom steikande og leiing under streiken. Men ho vedgår og at det har vore ampert enkelte stader, og særleg skuldast det usemje om tilsette med leiartittel skulle vore tatt ut i streik eller ikkje.

– Vi håpar at det blir tatt tak i det som har vore sagt og gjort, og at vi får eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø framover.