NRK Meny
Normal

Hotell blir stengde til konflikten er løyst

Frå midt på dag i stenger Atlantica First Hotel i Ålesund dørene på grunn av streiken.

Stengde dører

Hotellstreiken medfører at Atlantica First Hotel har stengt dørene.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Hotellet har ikkje folk til å halde ope lenger, og kjem til å halde stengt fram til konflikten er løyst. Også andre hotell i fylket stenger dørene i dag, medan andre allereie har stengt.

Cathrin Åkre

Hotelldirektør Cathrin Åkre seier ein langvarig streik er dramatisk.

Foto: First Hotel Atlantica

– Då utsjekken var ferdig klokka 12, så måtte vi berre stenge, seier hotelldirektør Cathrin Åkre ved Atlantica First Hotel.

Ifølge direktøren betyr dette store økonomiske tap for hotellet. Ho viser mellom anna til at gjestar i samband med ei hundeutstilling i Ålesund i helga, fekk kansellerte sine bestillingar.

Ho er også uroa på vegner av dei tilsette som er uorganiserte, og dermed ikkje i streik.

– Dei får ikkje noko støtte medan streiken går føre seg, og mellom anna av omsyn til dei har vi prøvt å halde ope. No må dei dessverre berre gå heime utan ei krone i løn.

Stengt til konflikten er løyst

Når dørene no er stengde, så reknar Åkre med at det vil vare til konflikten er løyst, Naturleg nok ønskjer ho at det skal skje «så snart som råd».

– Dersom streiken varer blir det nok verre og verre også for dei andre hotella å halde ope, trur Åkre.

Så langt ser det ut til at det er i Ålesund streiken har fått størst konsekvensar i Møre og Romsdal, med fire stengde hotell. Men også andre stader er hotell stengde, eller står i fare for å bli det med det første.

– Dramatisk situasjon i tøffe tider

Ei stengd dør

Fleire hotell må truleg stenge dørene i dagane som kjem.

Foto: Wilhelm Støyllen / NRK

– Næringa har bak seg dei tøffaste månadene i året, og skulle no starte oppkøyringa til sommarsesongen. Hotellnæringa merkar og nedgangen i andre næringar. Så no skulle vi gjerne kunne tatt imot turistane.

På hotellet der ho er direktør har dei sidan streiken starta konsentrert seg om å ta imot dei som alt hadde bestilt. Det skuldast lite folk både på reinhald og i resepsjonen. Ho reknar difor med at dei har gått glipp av nokre gjestar, utan å kunne talfeste dette.

På fleire hotell må leiinga trø til for å få hjula til å gå rundt så lenge som mogleg. Sjølv har Åkre vore nattevakt dei fire siste nettene. No går ikkje det lenger.

– Situasjonen er dramatisk for mange av oss, men eg har eit håp om at streiken snart er slutt, sjølv om eg ikkje har fått signal om det.