Hopp til innhold

Trua med represaliar om ho ikkje droppar streiken

Miriam Ertesvåg blir trua med represaliar om ho deltek under hotellstreiken. Fellesforbundet kallar det eit maktovergrep.

Miriam Ertesvåg

Miriam Ertesvåg er til dagleg resepsjonssjef ved Thon Hotel Moldefjord. No er ho streikande hotellarbeidar - mot leiinga sin klare vilje.

Foto: Roar Strøm

Fellesforbundet går til kraftig angrep på NHO og leiinga for Thon-hotella etter at streikande mellomleiarar har fått beskjed om å halde seg unna streiken. Dersom dei ikkje rettar seg etter beskjeden, blir dei trua med at det kan få konsekvensar for arbeidsforholdet.

Dette kjem fram i eit brev som blei sendt ut for to veker sidan.

– Du kan seie at det har vore eit par veker utan søvn, det er ikkje nokon kjekk situasjon, seier Miriam Ertesvåg, som er resepsjonssjef ved Thon Hotel Moldefjord. Torsdag var ho streikevakt utanfor hotellet, i staden for å stå i resepsjonen.

Les også:

Truar med konsekvensar

Miriam Ertesvåg er ei av tre mellomleiarar ved hotellet i Molde som har fått beskjed om å halde seg unna streiken. Ifølgje Fellesforbundet har mellomleiarar ved fleire andre Thon-hotell fått det same varselet.

I brevet som nyleg blei sendt til fleire tilsette ved hotellet i Molde, heiter det at kjem det klart fram at deltaking i streiken kan få konsekvensar:

«Dersom dere nå allikevel skulle velge å gå ut i streik vil bedriften anse dette som ulovlig fravær, som vil kunne få konsekvenser for arbeidsforholdet deres. »

NHO og leiinga for Thon-hotella meiner dei som har leiaroppgåver skal møte på arbeid, og ikkje kan streike, sjølv om dei er medlemer i Fellesforbundet.

– Burde vore løfta opp på sentralt hald

Rose Maiken Flatmo

Avdelingssekretær Rose Maiken Flatmo i Fellesforbundet reagerer på at hotell-leiinga sender brev direkte til dei streikande mellomleiarane, og meiner det skaper eit stort press på den enkelte.

Foto: Roar Strøm

Dette får Fellesforbundet til å sjå raudt. Dei meiner hotell-leiinga burde løfta saka opp til NHO og LO sentralt, i staden for å sende brev direkte til dei streikande mellomleiarane.

Dei skal ikkje gjere det på denne måten, for det blir eit stort maktovergrep og sånt voldsomt press på enkeltindivid, seier avdelingssekretær Rose Maiken Flatmo i Fellesforbundet.

Blir ikkje samde

Streikande hotellarbeidarar i Molde

Fleire av mellomleiarane ved Thon Hotel Moldefjord blir trua med konsekvensar dersom dei deltek i streiken. Men det gjer dei.

Foto: Roar Strøm

Det er HR-direktør Geir T. Thorvaldsen i Olav Thon Gruppen som har skrive under på brevet. Han vil ikkje opplyse om kor mange som har fått brevet, og skriv i ein e-post til NRK at dei fånyttes har forsøkt å bli samde med Fellesforbundet lokalt.

NHO Reiseliv skriv i ein e-post at kvar enkelt sak må vurderast for seg, og ber om at slike konfliktsaker blir sende over til dei.

Hotelldirektør Henriette Kitel ved Thon Hotel Moldefjord har lite å seie om konflikten med mellomleiarane.

– Vi legg oss ikkje opp i årsak, vi berre forheld oss til felles spelereglar som NHO Reiseliv og Fellesforbundet har kome fram til.

Til saman er omlag 7000 hotellarbeidarar over heile landet i streik, og fredag blir streiken trappa opp.