Hopp til innhold

Dette er ikkje slik 17. mai brukar å vere

Scandic Parken i Ålesund måtte avlyse både 17. frukost og den store buffeen på grunn av streik. Hotellet er også tømt for overnattande.

Svein Erik Moe

Hotelldirektør Svein Erik Moe på Scandic Parken i Ålesund måtte avlyse både 17.mai frukost og den store buffeen på grunn av streik.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

Det store folketoget i Ålesund er ferdig og mange har som tradisjon å gå rake vegen til det store koldtbordet til Scandic Parken i Ålesund. Der plar det vere to bordsetningar for å få plass til alle dei 500 gjestane. I år ser det heilt annleis ut. På menyen står det berre smørbrød, kaker, pølser og kaffi. Og restauranten er slett ikkje full.

Måtte avlyse buffeen

Hotellstreiken gjer at hotelldirektøren måtte avlyse både buffeen, men også frukosten og overnattingane. Halvparten av hans tilsette streikar.

Ingen frokost eller 17.mai buffee på Parken i år

Dette er ikkje det hotellet brukar å servere på 17.mai.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

– 17. mai er ikkje slik den brukar å vere. Det er aldri så roleg, seier hotelldirektør Svein Erik Moe. Han håpa i det lengste at streiken skulle ta slutt før nasjonaldagen. Mai var den månaden det såg lyst ut for hotellet, etter ein tøff vinter.

– Vi taper enormt med pengar. Kor mykje vil eg ikkje gå ut med, seier Moe.

– Trist å måtte stenge hotellet

Kristin Bjånes

Kristin Bjånes er hotelldirektør ved Hotel Waterfront i Ålesund.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

Medan Moe er på jobb i dag på hotellet, har ein annan hotelldirektør i Ålesund tatt fri på nasjonaldagen. Kristin Bjånes ved Hotel Waterfront i Ålesund har stengt heile hotellet på grunn av streiken. Heller ikkje ho kunne servere 17. mai-frukost og buffe, slik ho brukar.

– Det er trist å måtte stenge hotellet. Det einaste som minner om 17. mai på vårt hotell, er to flagg som heng ute, seier Bjånes. Turistane har måtte snudd i døra og Bjånes anar ikkje kvar dei har fått overnatting.

– Forståing for dei som streikar

Mette og Jan Wolstad

Mette og Jan Wolstad åt buffe i fjor. I år må dei nøye seg med smørbrød.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

Mette og Jan Wolstad har tatt plass rundt eit bord på Scandic Parken og kjøpt seg smørbrød. I fjor bestilte dei buffe.

– Vi har forståing for dei som streikar. Det går fint med smørbrød, seier Mette Wolstad.

– Men, skyt mannen, inn. Neste år vil vi ha buffe.

50 nye ut i streik 17. mai

Ytterlegare 50 medlemmer av Fellesforbundet blei tatt ut i streik frå 17. mai. Dei 50 jobbar ved fire bedrifter, blant dei Radisson Blu i Haugesund, som ikkje tidlegare har vore ein del av konflikten.

Ved inngangen til pinsen er til saman 7250 personar i streik. Streiken starta 24. april, då Fellesforbundet og NHO Reiseliv ikkje greidde å komme til einigheit. Bakgrunnen for konflikten er blant annea at arbeidsgivarsida avslår et krav om lokal forhandlingsrett.