Hopp til innhold

– Frustrerande at bussen ikkje dukka opp

Måndag stod bussane stille. Men det visste ikkje dei reiseklare turistane i Kristiansund. Edward Caddy fekk kjøpe billett, men bussen dukka aldri opp.

Edward Caddy - bussen kom ikkeq

Edward Caddy skulle tilbake til London etter å ha vore på Nordmøre i påska. Men det var ikkje så lett som han trudde.

Foto: Privat/NRK

Edward Caddy

Engelskmannen Edward Caddy var på påskebesøk hos kjærasten, og møtte på ei utfordring då han venda snuten heimover mot London.

Foto: Privat

Klokka 05.25 måndag morgon stod fleire turistar og venta på bussen frå Kristiansund til Trondheim. Men ingen buss kom. Bussterminalen var stengt og kollektivtrafikken retta seg etter søndagsruter.

Edward Caddy synest situasjonen var frustrerande, som til og med hadde bestilt billett på nett.

– Det var skuffande at det ikkje gjekk buss, spesielt fordi eg allereie hadde kjøpt billett, forklarer den engelsktalande Caddy.

Tok sjøvegen mot London

Edward Caddy skulle ta bussen frå Kristiansund til Trondheim for å så og ta eit fly vidare til London. Han møtte opp tidleg måndag morgon og venta saman med fleire andre turistar. Ingen av dei fekk informasjon om at bussen ikkje gjekk 2. påskedag.

– Vi venta ei stund ved terminalen, og vi fann heller ikkje informasjon om at bussen ikkje gjekk. Alt var dødt, seier Caddy.

Edward måtte difor ta båt til Trondheim for å rekke ettermiddagsflyet. Han seier at det likevel var verre for dei andre turistane som mista flyet fordi dei gjekk tidlegare på dagen.

Ein feil lét reisande bestille billettar

Jarle Røkkum

Avdelingsleiar i Nettbuss Ekspress, Jarle Røkkum, innrømmer at informasjonen skulle vore betre.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sjølv om bussen ikkje gjekk hadde engelskmannen likevel billett. Det var nemleg fullt mogeleg å bestille billettar på førehand på nettsida til Nettbuss Ekspress. Avdelingsleiar i busselskapet, Jarle Røkkum, er lei seg for at turistane ikkje fekk den informasjonen dei trong.

– Det var mogeleg å bestille billettar på nettet på grunn av ein systemfeil. Det er synd at turistane ikkje fekk tilstrekkeleg informasjon om rutetidene, seier Røkkum.

Busstasjonen er vanlegvis stengt på denne tida av døgnet, og difor er det vanskeleg å svare på spørsmål som dei reisande har. Oppslaget for påskerutene og rutehefta er inne på busstasjonen.

– Eg beklagar at det ikkje var sett opp informasjonsplakatar om rutetidene i påska. Det skulle òg ha vore tilgjengeleg informasjon på engelsk, seier avdelingsleiaren.

For å få informasjon må ein gå inn på 177mr.no eller ringe trafikanten på 177.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL