Hopp til innhold

Denne hummaren kan vere norsk rekord

Hummaren er fiska på Smøla og veg 6,89 kilo . – Dette må vere den største som er registrert i Noreg, seier akvarist Tommy Vangsmo.

Noregs største hummer, Per Gunnar Sørstrand

NY REKORD? Akvaristen har aldri hørt om større hummar fiska i Noreg.

Per Gunnar Sørstrand fekk hummaren då han var ute og drog teiner saman med sambuaren Bianca Lüdtke i forrige veke.

– Eg såg eit stor svart monster nedi der som tok nesten heile teina, fortel han.

Har fiska hummar i 30 år

Bianca med hummeren

Bianca Lüdtke med rekordhummaren.

Foto: Privat

Sørstrand er ein svært erfaren hummarfiskar, og har fiska på Sør-Smøla på Nordmøre i nesten 30 år. Men det var ein av dei første turane hans tyske sambuar var med på.

– Ho har jo ikkje peiling på kor store dei kan bli, men det er klart ho blei imponert, slår han fast.

Hummarfiskaren brukte si private vekt til å vege fangsten, og den stoppa på 6,89 kilo.

– Det er klart at dette ikkje er ei offisiell måling, men vekta har brukt å stemme før.

Og sjølvsagt, når ein får storfangst, så må det dokumenterast på sosiale medium. Dermed fekk akvariet Atlanterhavsparken i Ålesund vite om hummaren.

Tommy Vangsmo

Akvarist Tommy Vangsmo ved akvariet Atlanterhavsparken i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– 6,9 kilo er veldig stort! Truleg det største som er registrert i Noreg, seier akvarist Tommy Vangsmo.

Draumen om noregsrekorden

Akvaristen fortel at for 11–12 år sidan blei det fanga ein hummar på 5,24 kilo på Edøya på Smøla, og det var også registrert ein på 5,3 kilo ved Bremanger i nabofylket Sogn og Fjordane.

Tommy Vangsmo var svært interessert i å få tak i rekordhummaren frå Smøla til akvariet, og tok kontakt med Per Gunnar Sørstrand så snart han fekk høyre om fangsten.

– Eg fekk ein telefon, ja. Men hummaren har eg lagt i frysaren.

– Kva sa akvaristen då du fortalde det?

Per Gunnar Sørstrand

Per Gunnar Sørstrand får ofte stor hummar på Smøla. Denne fekk han for nokre år sidan.

Foto: Privat

– Han blei fortvila og synest det var synd eg ikkje tok kontakt. Dei kunne godt tenke seg å ha noregsrekorden, men eg har lova han at han skal få det, seier Sørstrand.

For dette er slett ikkje den største hummaren han har fått. Hummarfiskaren heiv ut ein som var større i fjor, fordi han ikkje var fiska på rett måte.

– Men eg har lova akvariet å gi dei rekordhummaren neste gong. Eg får ofte fleire slike i løpet av ein sesong.

Blir romjulsfest

Hummaren som kunne blitt rekordattraksjon ved Atlanterhavsparken i Ålesund, ligg no trygt i frysaren, klar til den tradisjonsrike hummarfesten Per Gunnar Sørstrand held for familie og venner kvar jul.

– Folk seier stor hummar er for grov, men eg har aldri fått ei einaste klage, og eg får berre stor hummar, seier han.

Noregs største hummer, Per Gunnar Sørstrand

Hummaren ligg no i frysaren og skal bli mat på romjulsfest.

Og han har ingen problem med å opplyse om at den største samlinga av stor hummar i Noreg truleg held til ved Sør-Smøla.

– Nei, dei fleste her veit kvar han står. Men det er ikkje slik at det berre å kome hit og hive ut ei hummarteine. Det er mange som har fiska etter hummaren heile livet utan å få noko særleg, seier han.