Farstad døyper skip med miljøprofil

Ålesundsreiarlaget Farstad shipping i dag døyper to nye skip i Bergen. Skipa "Far Sun" og "Far Sygna" er bygd med ny miljøteknologi som mellom anna gjer at dei miljøfarlege NOX-utsleppa er redusert med meir enn 90 prosent, heiter det i ei pressemelding. Teknologien er utvikla i den maritime klynga på Vestlandet.