Hopp til innhold

Rundballar skapar farlege trafikksituasjonar

Statens vegvesen meiner lagringa av rundballar med høy er i ferd med å bli eit alvorleg problem for trafikktryggleiken.

Rundball

SJÅ TV-SAKA: Rundballar som ligg nær vegbana skapar farlege trafikksituasjonar.

– Ein, to, tre.

Giette Biermann, ved Statens vegvesen sin plan- og trafikkseksjon i Møre og Romsdal, måler opp avstanden mellom vegen og rundballane som ligg like ved vegkanten.

– Mellom to og ein halv og tre meter frå vegen. Det er alt for nært, seier ho.

Farleg veghindring

Slik ligg dei over heile landet, til Statens vegvesen sin store fortviling. For medan vegvesenet stadig ryddar fleire vegkantar, stablar mange bønder rundballar tett inntil vegen.

Giette Biermann

Giette Biermann meiner høgballar langs vegkanten skaper farlege situasjonar.

Foto: Eirik Haukenes / nrk

– Vi brukar mykje tid og pengar på å sikre sideterrenget langt vegane våre, vi fjernar bergnabbar, glattar ut fjellveggar, setter opp rekkverk og fjernar tre, seier Biermann.

– Då det blir litt dumt at bøndene kjem og plasserer rundballar heilt klin inn i vegen, held ho fram.

Statens vegvesen har prøvd å rydde opp i problemet med rundballar i vegbana. Der bøndene sjølv ikkje fjernar ulovleg plasserte rundballar blir dei fjerna på eigaren si rekning. Men tilfella er for mange til at dei rekker å ta unna alt.

Biermann peiker på fleire eksempel langs vegbana. Ho meiner det er alvorleg at fleire bønder vel å plassere rundballane så nært vegen.

– Desse ligg ein halv meter frå vegen, det kan bli fatalt. Vi har eksempel på dødsulukker, så det er skummelt. seier ho.

Må vere effektivt

Så kvifor plasserer bøndene rundballane så tett inn til vegbana, og ikkje sju meter frå kantstripa slik som regelen faktisk er. Arnar Lyche, organisasjonssjef i Møre og Romsdal bondelag, meiner transport kan vere ein stor del av årsaka.

Arnar Lyche

Arnar Lyche trur transport kan vere ein del av årsaka til at rundballane blir plassert så nært vegbana.

Foto: eirik haukenes / nrk

– Det å presse rundballar, transportere og lagre dei er ein stor sak for bonden. I dag har ein bonde som driv stort kanskje mellom tusen og to tusen rundballar, seier Lynche.

– Då må det vere effektivt og det er viktig at rundballane er lette og ekle å plukke opp, held han fram.

Men også bøndene ser at det finst tilfelle som blir farlege, og som ein må unngå. Statens vegvesen har i alle fall ikkje tenkt å sjå mellom fingrane på framtidige brot.

– Mange tenker sikkert at det er mjukt, det er berre høy. Men det er steinhardt dersom ein treff det, seier Biermann.