NRK Meny
Normal

Farleg glatt på vegane

Regn som frys til is når det treff bakken har skapt store problem i dag. Bilar krasja i murkantar og nokre sto fast. Og folk hadde problem med å halde seg på beina.

Det har vore svært glatt i dag. Og mange fekk problem på glatta-

I Ålesund måtte også Nettbuss kansellere nokre av bussrutene. Det var rett og slett for glatt.

– Problemet er at det er svært glatte vegar og dårleg strødd, seier Øyvind Tennfjord som er trafikkleiar i nettbuss i Ålesund.

Laster Twitter-innhold

Trafikkleiaren fortel at det er sjåførane sjølve som må avgjere om det er trygt nok å køyre eller ikkje.

– Vi kan ikkje tvinge sjåførane. Og vi har hatt litt forseinkingar i dag, men har ikkje fått inn klage. Folk forstår, seier han.

Med glatte vegar kjem også skadane. På Fjelltun fekk ein passasjer i ein bil merke følgjene av at det var glatt i området.

Laster Twitter-innhold

Slike situasjonar kan det bli fleire av. Vêrvarselet viser at det skal bli stabilt kaldt vær i dagane framover.

Også Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om at det er svært glatte vegar mange stader.

– Det er fare for underkjølt regn og det er ganske kjølig mange stader. Dermed frys det slik at det blir svært glatt, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Vertilhøva fører også til at det fleire stader utviklar seg is på hustak. Enkelte stader utviklar dette seg til farlege istappar.

Laster Twitter-innhold

Frå måndag ettermiddag blir det lettare ver men framleis kaldt. Det er meldt om opphaldsvêr og temperaturar til dels under null i nokre dagar framover.