Hopp til innhold

Fredag startar gaupejakta- men jegarane får ta færre

Det er så tynt med gauper at Miljøverndepartementet reduserer kvoten på gaupejakt frå 38 til 33 i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Skutt gaupe

Kvoten på gauper er redusert i Møre og Romsdal og Trøndelag, fordi bestanden er tynn.

Foto: Jan Kenneth Bråten / NRK

IFredag 1. februar startar gaupejakta, men det har kome inn fleire klager på kvotane. Blant anna har Naturvernforbundet klaga på gaupekvoten i Midt-Noreg og dei vart høyrt. Dermed vert kvoten redusert med fem dyr i Møre og Romsdal og Trøndelag. Det betyr at ein kan jakte på gaupe i hele Møre og Romsdal, bortsett frå i kvoteområdet på Nordmøre nord for Driva.

Er nøgd

– Det er utmerkt. Departementet skjøner mykje meir enn rovviltnemnda. Dette er det beste vedtaket vi kunne få, seier fylkesleiar i Naturvernforbundet, Øystein Folden.

Også i fjor klaga Naturvernforbundet på kvotane og då vart ikkje klagene ferdig handsama før jakta var i gong. No kom departementet på banen ei veke før jaktstart.

Færre gauper

– No har vi fått ein kvote som gjer at vi kan nå ynglemålet i år, seier Folden.

Det nasjonale målet for bestanden er at det kvart år skal vere 65 familiegrupper. I 2009 var det 92 grupper, men eit høgt uttak har redusert bestanden. Siste registreringane som er gjort viser at det var 69 familiegrupper før jaktstart i 2012.

Gaupe vart påkøyrd

Søndag vart det påkøyrt ei gaupe på Årnes i Surnadal. Dersom det er ei vaksen hunngaupe kan det få betydning for gaupekvoten i regionen. Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen sjekkar no opp dette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL