Får pengar frå regjeringa

Høgskulen i Molde får 5 millionar kroner og Høgskulen i Volda får 10 millionar kroner frå regjering. Pengane skal brukast på å oppgradere bygga deira. Målet er at det skal bli eit godt miljø for studentar og tilsette på utdanningsinstitusjonane. Totalt får norske høgskular og universitet 119,1 millionar kroner til oppgradering.