Hopp til innhold

Hevdar pleiarane nekta å gå inn til 80-åring i frykt for å bli smitta av korona

Smitte på julaftan førte til at bestefar hamna i karantene. Familien hevdar pleiarane i heimetenestene fleire gongar nekta å gå inn til den alvorleg sjuke mannen.

Tom benk utanfor huset

Den 80 år gamle mannen klarer seg ikkje lenger på eiga hand. Han brukar vanlegvis å få hjelp frå heimetenestene kvar morgon og kveld. No klagar familien på at det har vore vanskeleg.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tre generasjonar hadde samla seg på julaftan for å feire. Dagen etter måtte heile juleselskapet i karantene, fordi to av familiemedlemmane testa positivt for korona.

Då starta problema for den eldste i selskapet. Erling Istad (80) er alvorleg sjuk og treng hjelp frå sjukepleiarane i heimetenestene morgon og kveld.

Thomas Istad er frustrert over at bestefaren ikkje får den hjelpa han har behov for.

KARANTENE: Thomas Istad sit i karantene heime med familien sin i Ålesund.

Foto: Privat

– Eg synest det er omsorgssvikt. Det er nedverdigande for eit eldre menneske å bli svika på ein slik måte. Eg finn ikkje ord for kor skuffa eg er over dette, seier barnebarnet, Thomas Istad.

Familien seier dei har klaga til kommunen munnleg og skriftleg fleire gongar dei siste dagane, utan å få hjelp.

Skal ha frykta smitte

Den 80 år gamle mannen er alvorleg sjuk og har fleire alvorlege diagnosar. Rett før jul blei han skriven ut frå sjukehuset, 3. januar blir han lagt inn igjen.

Ifølgje familien skal fleire tilsette i heimetenestene ha nekta å gå inn til mannen, som no sit i karantene, i frykt for å bli smitta. Familien skal også ha fått beskjed om at det ville ta for lang tid å ta på nødvendig verneutstyr.

Dottera, Britt Istad, måtte til slutt gå inn til den sjuke faren sin for å gje han medisin. Ho er sjølv i karantene og livredd for å smitte han.

Eldreombod Bente Lund Jacobsen er skaka over det familien i Ålesund fortel, og seier ho ikkje har høyrt om liknande saker før.

– Eg håper verkeleg ikkje dette er vanleg kutyme rundt om i landet, seier ho og viser til at alle har rett til å få hjelp i heimane sine.

Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier ho knapt har høyrt om liknande saker før.

Foto: Svein Arne Orvik/Eldreombodet

Vil ikkje kommentere saka

Verken sjefen for heimetenestene, kommunalsjefen eller kommuneoverlegen i Ålesund vil stille til intervju, og ingen av dei vil kommentere den konkrete saka.

Synnøve Synnes, rådmann i Ørskog

Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund vil ikkje kommentere den konkrete saka, men seier generelt at alle har rett til nødvendig helsehjelp.

Foto: Ørskog kommune

NRK har bedt om svar på kor mange gonger heimetenestene har besøkt den gamle mannen sidan julaftan. Vi har også spurt om kommunalsjefen kjenner til at tilsette reserverer seg mot å gå inn til koronasjuke på grunn av frykt for smitte. Det får vi ikkje svar på.

På generelt grunnlag kan det seiast at alle har rett til nødvendig helsehjelp, og at helsetenestene kontinuerleg gjer vurderingar med tanke på kva den enkelte har nødvendig behov for, skriv kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i ein e-post.

Helsedirektoratet vil ikkje kommentere den konkrete saka, men skriv at kommunen har plikt til å sørge for nødvendige helse- og omsorgstenester.

Vanskeleg jul

No har fleire i familien fått stadfesta korona etter juleselskapet, og dei håper den 80 år gamle mannen slepp unna. Først etter at NRK tok opp saka torsdag, skal familien ha fått fleire telefonar frå tilsette i kommunen. Dei skal også ha fått lovnad om at mannen no skal få tilsyn morgon og kveld, som før.

Thomas Istad og familien er glad for at det, men skuffa over at jula blei slik for den gamle mannen.

– No sit eg i isolasjon sjølv og kan ikkje dra dit og hjelpe han og gje han den tryggleiken som er nødvendig. Det er veldig sårt for oss, seier han.

Dør i Ålesund

Familien i Ålesund håper no at den 80 år gamle mannen får hjelp frå kommunen så lenge han har behov for det. Rett etter nyttår skal han leggast inn på sjukehus på nytt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL