Hopp til innhold

Får ikkje bli innvalt

Nazar Hossein Pooya frå Afghanistan får ikkje stå på kommunevallista til SV i Ørsta. Folkeregisteret seier det ikkje er rom for skjønn når fristane har gått ut.

Valgurne
Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Pooya har mista røysteretten og er ikkje valbar fordi han var for sein med å fornye opphaldsløyvet i 2004, skriv Klassekampen.

 

Registrert som utvandra

Partifelle Åse Norunn Digernes reagerer med vantru.

- Han kom til Noreg i 2001, og er her med lovleg opphald. Etter tre år fekk han røysterett, og kan veljast ved lokalval. No blir han fråteken denne retten av di han var for sein med å fornye opphaldsløyve, noko som er ein urimeleg konsekvens i høve til det han har gjort gale, meiner Digernes.

Afghanaren Pooya kom til Noreg som kvoteflyktning i 2001. I 2004 skulle han søkje om fornying av opphaldsløyvet, men overheldt ikkje fristen. Dette førte til at han vart registrert som utvandra frå landet. Dermed oppfyller han ikkje krava til vallova, som seier at for å ha røysterett må personen vere registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra før valdagen.

Kunne gjort ein innsats

- No er han fråteken ein demokratisk rett, som han etter lova skal ha, meiner ho. Ho legg til at ho meiner dette er feil sett i eit integreringsperspektiv, der folk må rykke heilt tilbake til start for ikkje å overhalde ein slik frist.

- I Ørsta går me no glipp av ein veldig samfunnsengasjert person, som kunne gjort ein innsats for ørstingar, og for innvandrarar i Ørsta, fortel nestleiar i SV i Ørsta, Åse Norunn Digernes.

Reglane må følgast

Gerd Skodje ved Nordre Sunnmøre Likningskontor fortel at reglane må følgast, sjølv om det kan få slike følgjer. Ho seier det  ikkje er rom for skjøn når fristane for å søkje om fornya opphaldsløyve har gått ut.