Hopp til innhold

Likar dårleg at grensa på naturreservatet i Vermedalen vart flytta

I dag fekk Rauma Energi grønt lys for å bygge nytt kraftverk i Verma. Grensene til naturvernreservatet vart endra, og Naturvernforbundet er ikkje nøgde.

Øystein Folden

Øystein Folden likar ikkje at grensa på naturreservatet vart flytta.

16 år har det gått frå dei første planane om oppgraderinga av Verma kraftverk vart lagt. I dag ga Olje- og Energidepartementet tillating til å bygge nytt kraftverk. Opprustinga vil gi ein auka produksjon som tilsvarar årsforbruket til 1850 husstandar.

– Dette er ein stor dag for oss. Hadde vi ikkje fått konsesjon hadde alternativet vore å legge ned kraftverket, seier Alf Vee Midttun. Han er administrerande direktør i Rauma Energi.

Endra grensa på naturreservat

Alf Vee Midtun

For Rauma Energi og Alf Vee Midtun var det ein jubeldag i dag.

Foto: privat

Verma er eit sidevassdrag til det verna Raumavassdraget. Sidan 1949 har det vore utnytta til kraftproduksjon.

Inntaksmagasinet til kraftverket grensar til Vermedalen naturreservat og no har Kongen i statsråd vedtatt å endre grensene for naturreservatet. Naturvernforbundet har vore sterkt usamde og meiner at dette er unødvendig. Dei har foreslått andre løysingar, men vart ikkje høyrt.

– Dette er truleg eit svært verdifullt område biologisk sett, og verdien vil tape seg, seier Øystein Folden i Naturvernforbundet. Han saknar betre undersøkjingar av området.

Fleire liknande saker

Styresmaktene seier at det i utgangspunktet skal mykje til for å endre vernegrensene. I denne saka har dei lagt vekt på at grenseendringane er begrensa. Det er også sett vilkår i konsesjonen knytt til den trua arten ulvelav, som finst i verneområdet.

Naturvernforbundet seier at vedtaket berre er eitt av fleire liknande den siste tida. Blant anna vart det gitt grønt lys for bygging av kraftlinje i Sørdalen naturreservat i Bremanger.

– Det går unna i område som er varig verna, så det kostar etter, meiner Folden.

Må innsjå at dei har tapt

Alf Vee Midtun i Rauma Energi har slett ikkje dårleg samvit. Han meiner at Naturvernforbundet no må innsjå at dei har tapt saka i Verma, og at storsamfunnet seier ja til bygging. Saka har vore handsama både av NVE, Miljøverndepartementet og Olje-og Energidepartementet.

– Grensa i naturreservatet vart dessutan sett feil i sakshandsaminga og skulle aldri har vore der den er i dag, seier Midtun.

Bygginga av det nye kraftverket skal ut på anbod i 2015 og må stå ferdig innan 2020.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL