Hopp til innhold

Familiefar dømd for vald mot tre born

Ein familiefar i Romsdal er dømd til fengsel i åtte månader for vald mot tre barn. Lang saksbehandlingstid – og det at borna hans ikkje ønskjer at han skal i fengsel – er nokre av årsakene til at han ikkje må sitje lenger.

Lovbok / Norges lover
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Mannen nekta for å ha gjort noko gale mot borna sine, då saka kom opp i Molde tingrett i midten av november.

Men ifølgje tiltalen skal han fleire gongar i eit tidsrom på fem år, frå 2006 til hausten 2011, slått, sparka, dytta og trua dei. Ein gong skal han også ha tatt kvelartak på sonen sin.

Varsla etter kvelartak

I retten kom det fram at faren blei sint for den minste ting, og at det var mykje roping og kjefting. Mora skal ha brukt å lukke vindauga når faren starta å kjefte, for å unngå at naboane høyrde noko.

Det som gjorde at saka blei kjent for politiet, var ein episode der faren blei så sint at han tok kvelartak på sonen. Då guten trua med å varsle politiet og barnevernet, lovde mora å ringe familievernkontoret i staden. Og det gjorde ho.

Faren nekta i retten

Den 43 år gamle familiefaren nekta i retten for at han nokon gong hadde slått borna sine. Han meinte i staden at han har eit godt forhold til dei, men sa at han og mora hadde ulike grenser for borna.

Foreldra hans, ein kamerat og ein tidlegare kjæreste, forklarte seg også, og sa at han var ein god far som bidrog mykje på heimebane og i omsorga for borna sine.

Verken skule eller barnehage varsla

Det kjem også fram i dommen at verken skulen, barnehagen eller andre instansar var uroa for borna og korleis dei hadde det heime. Mora til borna forklarte at han aldri la hand på henne, og at ho heller ikkje hadde sett han gjere det overfor borna.

Retten viser til at det at ingen har sett vald eller kjenner temperamentet til 43-åringen er typisk for familievaldssaker. Vald i nære relasjonar går føre seg innanfor husets fire veggar og i det skjulte, skriv retten.

Retten trudde på borna

I dommen kjem det fram at retten ikkje er i tvil om at mannen fleire gongar har vore valdeleg mot borna sine. Retten har lagt avgjerande vekt på det dei har forklart. Retten meiner dei har forklart seg så truverdig og detaljert ein kan forvente med tanke på kor gamle dei var, og kor lenge det er sidan.

Faren meinte i retten at borna var manipulerte av mora, og at ho står bak det heile, mellom anna av økonomiske grunnar. Dette meiner retten er lite truverdig.

I dommen heiter det at den fysiske valden ikkje er mest alvorleg, men frykta hos borna for nye episodar. Retten meiner mannen hadde eit etablert handlingsmønster som medførte at borna levde utan eit regime prega av utryggheit, frykt og stadige krenkingar.

Fekk ikkje medhald i fengselsstraffa

Aktor meinte mannen burde fengslast i eitt år og tre månader, men fekk ikkje medhald i retten for det. I dommen kjem det fram at saka har ligge hos politiet lenge, og at det gjekk nesten to år frå saka blei meldt til dommen kom.

Retten legg også noko vekt på at mannen skal ha samver med borna sine framover, og at dei ikkje ønskjer at han skal straffast. Dermed får han åtte månaders fengselsstraff, der fem månader er på vilkår.

Kvart av barna får 40 000 kroner i erstatning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL