Hopp til innhold

Mann bekrefta død etter ulykke i Trollstigen

Ein mann i 40-åra frå Litauen er bekrefta død etter ei fallulykke i Trollstigen i Rauma måndag.

Fallulykke Trollstigen

HAMNA I ELVA: Naudetatane fann mannen i elva som renn ned ved sida av Trollstigen.

Foto: Evy Kavli

Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter natt til tysdag. Dei pårørande er varsla.

Politiet fekk melding om ulykka like etter klokka 15.20 måndag. Dei blei varsla om ulykka av AMK. Naudetatane og redningsressursar rykte raskt ut til staden.

Fallulykke ved Trollstigen i Rauma

Politiet ved ulykkesstaden.

Foto: Evy Kavli

Fall utfor skrent

Klokka 15.49 melde politiet at ein mann hadde falle utanfor ein skrent og i elva ved ein møteplass på Trollstigen.

Laster Twitter-innhold

Mannen blei kort tid etter funnen i elva ved Langøyan, eit stykke nedanfor der mannen fall.

– Ein person er funnen i elva og tatt på land, sa operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Tove Anita Asp til NRK.

Var i turfølge

Fallulykke ved Trollstigen i Rauma

Helikopter ved Trollstigen.

Foto: Evy Kavli

Tysdag ettermiddag opplyser politiet at ulykka skal ha skjedd i samband med bildetaking.

Mannen i 40-åra var i eit turfølgje saman med to andre då han var uheldig.

– Då dei skulle ta bilde falt mannen bakover over eit rekkverk og ned i elva. Han stod i utgangspunktet på trygg grunn, men har vore uheldig og mista balansen, seier Vebjørn Bale, lensmann i Rauma.

Mannen falt ned i elva som går ved sida av den populære turistvegen Trollstigen.

Dei to andre i turfølget har blitt tatt hand om av kriseteam.

Ein person skal ha blitt funnen i elva ved Langøyan.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL