Hopp til innhold

Fakkelmarkering i Molde

OL-elden går frå Molde og vidare til Lillehammer.

Fakkelstafett, ungdoms-OL

Ungdoms-OL-elden kom til Molde onsdag, og skal ende opp på Lillehammer.

Foto: Eirik Haukenes

Fakkelmarkeringa i forkant av Ungdoms-OL på Lillehammer går for fullt. Onsdag var det på Tusten i Molde det skjedde. Fleire hundre ungdommar var samla.

Aamodt kom ikkje

Firedobbel OL-meister Kjetil André Aamodt skulle vere det store namnet. Men alpinisten dukka aldri opp, for flyet hans kunne ikkje lande i Molde.

Mago Kudosov

Mago Kudosov frå Ulstein var ein av deltakarane på fakkelstafetten.

Foto: Eirik Haukenes

Unge idrettsprofilar frå Møre og Romsdal har æra av å bere den olympiske elden i arrangementet på Tusten.

Elden skal til slutt ende opp på Lillehammer, der det er Ungdoms-OL frå 12. til 21. februar.

Fleire unge lovande musikktalent var også med på markeringa, noko som er i tråd med den sterke kulturprofilen til Ungdoms-OL.

Eldsjeler og stortalent

Ørjan Dimmestøl i Ungdomsnettverket seier dei vil løfte fram unge eldsjeler og talent. Dette er eit arrangement for og med ungdom. Samtidig vil dei informere om det store OL-arrangementet på Lillehammer.

Fakkelberarane er plukka ut blant ungdommar som er utøvarar eller gjer noko bra for idretten. Nokre er stortalent, andre er eldsjeler.

Ungdoms-OL

OL-elden skal ende opp på Lillehammer.

Foto: Ungdoms-OL 2016

Desse frå Møre og Romsdal er med på fakkelstafetten:

  • Johan Bugge
  • Mago Kudosov
  • Martine Bjørshol
  • Anniken Obaidli
  • Njål Nordal
  • Hanne Vadseth
  • Andreas Skoglund

Ung ildsjel tente OL-ilden: – Idretten gir meg mer enn jeg gir til idretten

Sjogg med NRK-kamera

Ungdoms-OL er eit stort internasjonalt arrangement på Lillehammer i midten av februar. Dette er maskoten Sjogg.

Foto: Ungdoms-OL 2016

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL