Hopp til innhold

Få kvinner på norske konsertscener: – Bransjen er bakpå

Få kvinner er representert når landets konsertscener opnar for fullt igjen. På den største scena i Ålesund står foreløpig berre ein kvinneleg hovudartist på programmet for 2022.

Terminalen konsertscene i Ålesund

På plakaten til Terminalen byscene før helga stod artistar som Nils Petter Molvær, Spidergawd og Bokassa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det er jo ikkje slik her til lands no at det er få kvinner å velje i når det kjem til gode musikarar, seier Stian Berger. Han er utdanna musikkviter, og reagerte då Terminalen byscene i Ålesund la ut årets konsertar.

Stian Berger, musikkviter

26 år gamle Stian Berger er utdanna musikkviter, og er oppteken av likestilling i musikkbransjen.

Foto: Øyvind Malum

Berger meiner alle skal kunne relatere til det som føregår på scena. Og at det difor bør vere eit større mangfald.

– Her er det jo stort sett band som, med fare for å vere litt stereotypisk, passar til éi gruppe i samfunnet. Altså menn i ein viss alder.

På programmet står artistar som Janove, The Dogs, Kvelertak og Oslo Ess. Den einaste kvinnelege artisten er Astrid S. I tillegg skal Team Me, som er eit blanda band, spele. Bookingansvarleg Synnøve Nesdal Sandnes understreker at dette berre er eit foreløpig bilde, og at det kjem til å endre seg. Ho peikar også på eit større likestillingsproblem i bransjen, som strekk seg heilt ned til skular og kulturskular.

Det er ingen ansvarsfråskriving, for scenene har fullt ansvar for å booke så nøytralt som ein kan, minst. Men det er utruleg vanskeleg når bransjen er så bakpå.

Kvelertak på P3Gull

Metalbandet Kvelertak er eit av banda som er booka til Terminalen i 2022.

Foto: NRK
Vassendgutane

Vassendgutane spelar både på Terminalen og Byscenen i Trondheim i løpet av året.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
Astrid S

Astrid S er einaste kvinnelege artist som i dag er booka til Terminalen i 2022.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK
Bård Linga

Bandet Bokassa, her på Byscenen i Trondheim i 2020, skal både til Ålesund og Trondheim i år.

Gjeld fleire scener

På Byscenen i Trondheim ser det ikkje så annleis ut. Talet på kvinnelege artistar som per i dag står på plakaten kan teljast på ei hand.

Også på Svømmehallen scene i Bodø er tendensen den same. Mellom artistar som Kristian Kristensen, Madrugada, Rengvær og Ruben, finn vi fire kvinner.

– Må booke breiare

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen seier konsertarrangørar har eit ansvar for å sørge for likestilling i bookinga. Ho seier det er viktig for oss å sjå eit større mangfald blant musikarane som står på scena.

– Alle som ber på ein liten kunstnarspire treng å sjå seg sjølv på scena, og vi som publikum vil også ha eit mangfald av kultur og musikk. Blir det for smalt og for kjønnsskeivt så trur eg ein går glipp av publikum.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen meiner konsertarrangørar har moglegheita til å booke fleire kvinnelege musikarar.

Foto: Ilja C. Hendel

Få kvinner i nokre sjangrar

Tone Østerdal i Norske konsertarrangørar seier dei ønsker seg ei betre kjønnsfordeling, men at det kan vere vanskeleg å få til i musikkbransjen i dag.

– Desse tala er ikkje noko vi verken ønsker å høyre eller sjå, men det er ein ganske samansett situasjon akkurat no, som kan vere med og bidra til at det ser slik ut.

Tone Østerdal

Tone Østerdal i Norske konsertarrangører seier det er vanskeleg å få balansen til å gå opp, når markedet ikkje er der.

Foto: Ellen Lorenzen

Østerdal seier at det særleg innanfor nokre sjangrar er vanskeleg å vere kjønnsnøytral.

– Viss ein har ein rock- metalprofil så er det nærast umogleg, fordi dei kvinnelege banda og artistane finnast ikkje i like stor grad.

Får avslag

Synnøve Nesdal Sandnes i Terminalen byscene seier det er for dårleg kjønnsbalanse i programmet deira slik det ser ut no. Ho seier det foreløpig har vore vanskeleg å booke fleire kvinner, men at dette er noko dei jobbar hardt med.

Akkurat no har eg ute 30–40 førespurnader til kvinnelege artistar og band. Eg brukar mykje tid på dette kvar dag, men tilbakemeldingane er at artisten enten ventar med å turnere til pandemien er ferdig, eller at artisten føretrekker å ta turnerunden på kulturhus. Og frå mange får eg ikkje ein gong svar, fortel Sandnes.

Gjenåpning av Terminalen i Ålesund

Synnøve Nesdal Sandnes i Terminalen byscene i Ålesund seier problemet stikk djupt. – Det startar allereie i skulen. Ein lærer at gutar spelar i rockeband og blir rapartistar i mykje større grad enn jentene blir det.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein del av konsertane skulle ha gått føre seg i 2020 og 2021, men har blitt flytta framover på grunn av pandemien, noko som har ført til eit program som ikkje er heilt representativt, meiner Terminalen. Dei viser til tal frå før pandemien, i 2019, der dei hadde 46 mannlege og 21 kvinnelege artistar på scena.

– Handlar om kven som er på tur

Bookingansvarleg for Svømmehallen scene i Bodø, Gøran Aamodt, seier den skeive kjønnsfordelinga handlar om pandemien, som har flytta ein del konsertar framover, og om kven som er på turne.

Gøran Aamodt i Svømmehallen scene i Bodø

Gøran Aamodt i Svømmehallen scene i Bodø seier dei ikkje bookar nokon fordi dei er kvinner, men fordi dei er «dritbra».

Foto: Privat

– Og der er menn overrepresentert. Nokon av kvinnene som skulle spelt har dessverre kansellert eller er flytta konserten til hausten.

Aamodt understrekar at det ikkje er slik dei vil at konsertprogrammet deira skal sjå ut.

– Eg skulle gjerne hatt meir rock 'n' roll på menyen også, men det er ikkje så mange rockeband på tur og då blir det lite rock 'n' roll. Så dette handlar ikkje om kjønn og kjønnsdiskriminering, det er eit resultat av tilfeldigheiter.

Gir kvinner ein ekstra sjanse

Ulrich Bang Sørensen i Byscenen Trondheim seier problemet er at dei ikkje får tilbod om fleire kvinnelege artistar. Dei har ein kapasitet på 750 publikummarar, og må selje minst 350 billettar for at ein konsert skal vere lønnsam.

Ulrich Bang Sørensen, Byscenen i Trondheim

Ulrich Bang Sørensen er dagleg leiar i Byscenen i Trondheim. Han seier dei gjer alt dei kan for å få fleire kvinnelege artistar.

Foto: Privat

– Vi prøvar å få fleire kvinnelege artistar, men der er dessverre ikkje så mange som kan selje frå 350 billettar og oppover, seier Sørensen.

Han seier ein del av artistane har gått frå å vere litt kjent, til å bli superstore. Og at dei har passa inn på enten mindre eller større scener enn Byscenen.

– Men det er jo ikkje bra. Det er trist at fordelinga er slik, seier Sørensen.

– Må bli betre

Stian Berger håpar ein kjem dit at det ikkje er nødvendig å tenke på kjønnsbalansen når ein arrangerer konsertar.

– Eg har kanskje ikkje innsett sjølv kor nødvendig det er å ha reglar for booking. Eg har tenkt at herregud, vi bookar jo berre inn dei som er på turne, og så blir det likestilling av det. Men dette viser jo at det ikkje stemmer.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL