Hopp til innhold

Skippertak er nyttelaust

Innvandrarar er underrepresenterte i norsk politikk. Men det nyttar lite å drive skippertaksrekruttering rett før eit val.

SV-politikar Mohammed Belmaachi i Ålesund.

SV-politikar Mohammed Belmaachi i Ålesund er ein av få innvandrarar som engasjerer seg politisk.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid / NRK

Mohammed Belmaachi i Ålesund SV meiner det er på tide at ein tenkjer breiare om rekruttering til politikken, og ikkje berre få tak i eit par namn på nominasjonslista like før valet.

- Må ta tak

Nominasjonsprosessen før kommunevalet neste år er i gang i dei politiske partia. Sjølv om det i forkant vert arbeidd med å få flest mulege til å strøyme til stemmelokala på valdagen, er det få politikarar som engasjerer seg i å rekruttere fleire nasjonalitetar til partia.

Difor vert sjeldan innvandrarar godt nok representerte i formannskap og kommunestyre.

Det er mange som vil ha innvandrarar berre når det er val. Når det ikkje er val, diskuterer dei ikkje saker med innvandrarane. Ikkje eingong når det er innvandrarar saka gjeld, seier Mohammed Belmaachi.

Er samd

Knut Anders Oskarson

Knut Anders Oskarson trur det er for lett å slå seg på brystet og seie seg nøgd med å ha eit par innvandrarar på nominasjonslistene.

Foto: Trond Vestre / NRK

Høgrepolitikar i Ålesund, Knut Anders Oskarson, er samd med Belmaachi at dei politiske partia må ta tak i rekrutteringspolitkken i det daglege.

– Det har vel kanskje vore slik at partia har sørga for å få med ein eller to innvandrarar på ei liste med 40-50 namn. Då har ein eit alibi, og kan slå seg på brystet og seie at vi er opptatt av dette, seier Oskarson.

Det er på tide å gjere noko med den dårlege rekrutteringa, meiner han.

– Det har ikkje vore det store engasjementet. Dersom partia i større grad inviterer innvandrarar til å delta, trur eg fleire ville kome.

– Å ligge på veret og vente på at dei skal ta kontakt, det trur eg ikkje fører fram, konkluderer han.

Vanskeleg å ta steget

Innvandrarar treng berre å bu i Noreg i tre år for å ha stemmerett ved kommuneval.

Derimot skal det litt meir til for å ta steget ut i politikken.

Språkkunskapane må vere på plass for å kunne setje seg inni kompliserte saker og papirarbeid, og det er ofte vanskeleg nok for ein som har budd i Noreg heile livet.

Mohammed Belmaachi seier han ofte har tenkt på kvifor mange innvandrarar ikkje engasjerer seg politisk, og håper at framtida vil by på betre integrering og fleire politikarar med innvandrarbakgrunn.

– Det er for dårleg slik det er no, og det gjeld ikkje berre i Noreg, men også i fleire andre land.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL