Hopp til innhold

Eventyrleg turistsesong i Rauma

Sjefen for reiselivet i Rauma strålar i kapp med sola om dagen. Maken til turistsesong har dei ikkje hatt før.

Portrett kvinne

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke smiler frå øyre til øyre over ein vellukka sommarsesong for reiselivet i Rauma.

Foto: Remi Sagen / NRK

Aktørane innan reiselivet i Rauma og Romsdalen gnir seg i hendene om dagen.

– Dette skal bli vanskeleg å toppe! For maken til sesong, besøk og maken til glade gjestar skal ein leite lenge etter, jublar ein smilande reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke.

Sjølv om ikkje tala enno er heilt klare, slår ho fast at enkelte aktørar har hatt ein auke på heile 30 prosent i besøkstalet i forhold til i fjor.

– Det er heilt eventyrleg, seier ho.

Aktivitetsturisme slår an

Reiselivssjefen er ekstra nøgd med at turistane stansar lengre i Romsdalen enn før. Tidlegare kom svært mange til Romsdalen for å sjå og så reise vidare. No kjem dei for å oppleve naturen og vere i aktivitet.

Romsdalseggen

Turen til Romsdalseggen er eitt av mange aktivitetstilbod som har slått godt an denne sesongen.

Foto: Roar Klæt

– Det viser at vi har lukkast med å legge til rette for meir aktivitetsturisme, og at vi har fått til marknadsføringa av tilboda, slår Gråberg Bakke fast.

Cruise til fjells

Cruisetrafikken har sett sitt solide preg på Romsdal i årets turistsesong, med vel 90 skip på besøk. 46 av desse er innom Åndalsnes før året er omme.

Rauma ønskjer seg enno fleire cruiseturistar, og målet er å nå 100 anløp til Åndalsnes innan 2025, røper reiselivssjefen.

– Difor har vi alt starta arbeidet med å legge til rette for fleire anløp til Åndalsnes i åra framover.

Mannen, fjell i Romsdalen

Det mykje omtalte fjellet Mannen har også blitt eit populært turmål for besøkande i Rauma.

Foto: Molde og Romsdal Turistforening

Målet er også at fleire av dei passasjerane skal kome seg til fjells. Til no har mange av dei tatt bussturar i området.

– Så har vi jo store forventningar til planane om ein gondolbane frå kaia og opp på Nesaksla. Der skal det bli restaurant og greier, og blir nok heilt sikkert eit populært tilbod både for cruisefolket og mange andre, spår Gråberg Bakke.

I år har cruisetoget i Rauma vore leigd ut som sommartog for NRK, og dette har gitt redusert kapasitet på reiser opp Romsdalen. Utan at talet på reisande enno er klare, meiner reiselivssjefen at dette truleg har ført til ein liten nedgang i talet på reisande.

Raumabanen

Raumabanen er alltid eit populært tog for turistar frå inn- og utland.

Foto: Leif Johnny Olestad

– Det vi ser, er at svært mange asiatiske reisegrupper kjem hit for å ta toget. Og NSB har gjort ein formidabel innsats med å legge til rette for dei asiatiske gjestene på Raumabanen.

Hilde Gråberg Bakke understrekar at Romsdal er berre eitt av fleire fantastiske reisemål i vårt fylke.

– Fylket har nokre av verdas kanskje mest attraktive attraksjonar. Saman med samarbeidspartnarane våre i distriktet, skal vi ta ein saftig, herleg jafs også av marknaden neste turistsesong, lovar ein sprudlande reiselivssjef i Rauma.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL