Hopp til innhold

Europas nest beste studentbedrift

Studentbedrifta AgriMare Bio SB frå NTNU i Ålesund blei kåra til Europas nest beste studentbedrift under Europameisterskapen for studentbedrifter i Helsinki torsdag kveld.

Studentbedrifta AgriMare Bio SB frå NTNU i Ålesund blei kåra til Europas nest beste studentbedrift u

Dette biletet er frå tidlegare i juni, då AgriMare Bio blei kåra til Noregs beste studentbedrift. Bedriftsmedlemene er dei med mørke klede: Lene Stenseth, Charlotte Thunes Hansen, Emma Lovise Sunde, Erik Andresen og Krister Krogsæter.

Foto: Sanne Skjørland, pressebilde / Ungt Entreprenørskap

– Hei, vi er i Finland. Vi kom på andreplass, jublar Lene Stenseth seint torsdag kveld.

Tidlegare i juni blei bedrifta kåra til Noregs beste,- og konkurrerte no mot 19 andre lag frå 15 ulike nasjonar.

– Dette har vore ei fantastisk oppleving for oss. Det har vore utruleg lærerikt og no gler vi oss til å halde fram, seier Stenseth til NRK.

Studentbedrifta AgriMare Bio SB har utvikla ein metode for å legge om kosthaldet til oppdrettslaksen - slik at foret til laksen består av meir protein frå havet - og mindre vegetabilsk for.

Mange studentbedrifter blir avslutta når studia tek slutt. Slik blir det ikkje med denne bedrifta. AgriMareBio skal halde fram arbeidet med å få oppdrettslaksen til å ete meir marint for.

– No skal vi halde fram som eit vanleg aksjeselskap, seier Lene Stenseth før ho held fram feiringa i Helsinki.