Hopp til innhold

Gjekk tur med bikkja – fann fiskekrok som er meir enn 4000 år gamal

Sambuarparet skulle gå seg ein tur langs sjøen ved Kleive i Molde. Ved elveutløpet gjorde dei eit eineståande funn.

Fiskekrok fra eldre steinalder funnet ved Kleive i Molde.

Denne fiskekroken som blei funne ved Kleive i Molde er frå eldre steinalder.

Foto: Agathe Smørholm

– Vi var ute og lufta bikkja borti fjæra. Og så sparka vi no litt i småsteinen og dermed ser eg noko som ligg på bakken. Eg tenkte at dette må vere noko gamalt.

Odd Svensson gjekk tur langs sjøen med og sambuaren Liv Karlstrøm og bikkja på Kleive i Molde.

Det dei sparka borti, var noko svært sjeldan å sjå i fjæra.

Ein fiskekrok frå steinalderen. Det inneber at den er meir enn 4000 år gamal. Kanskje mykje meir.

– Det er jo frykteleg artig. Det er som han Odd seier. Tenk å få halde noko i handa som er fleire tusen år gamalt. Det er ikkje alle som får ei slik oppleving, seier Liv.

  • Ikkje alle har respekt for steinalderfunn. I 5000 år fekk helleristinga på Averøya liggje i fred – fram til i vår.
Liv Karlsholm med en fiskekrok fra eldre steinalder som hun og mannen fant på Kleive i Molde.

Liv Karlsholm kan vise fram det som er ei fiskekrok frå steinalderen.

Foto: Agathe Smørholm

Nesten så ein ikkje trur at det er ekte

Sambuarparet melde frå om det dei hadde funne til Møre og Romsdal fylkeskommune. Arkeolog Agathe Smørholm reiste til funnstaden, henta fiskekroken og undersøkte området.

Også for arkeologen er dette stort og viktig funn.

– Det er kjempespennande. Og ekstremt sjeldan. Det er nesten så ein ikkje trur at det er ekte. Det har nok vore gjort liknande funn, men det har vore i jorda og i hellerar. Dette her er eit lausfunn, og det trur eg er unikt i Møre og Romsdal.

Agathe Smørholm er arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Arkeolog Agathe Smørholm i Møre og Romsdal fylkeskommune seier funnet er oppsiktsvekkande også i nasjonal målestokk.

Foto: privat

Viktige spor

Fiskekroken er laga av bein og er om lag tre til fire centimeter lang. Den har mothake og fire hakk for snørefeste, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider.

Ein gong for fleire tusen år sidan blei fiskekroken brukt til å skaffe folk mat, kanskje mat til ein heil familie eller ei større busetting i området. Slike spor er viktige vegvisarar til fortida vår.

– Det fortel jo veldig mykje om historia vår, og om kor folk var busett. Så dette er viktig, seier Agathe Smørholm.

Sambuarparet seier dei hadde flaks som fann ein fiskekrok frå steinalderen. No er spørsmålet om dei finn meir av same slaget på sine turar med bikkja langs sjøen.

– Det skjer nok ikkje ein gong til. No går vi jo veldig med nesa og auga ned etter det som har skjedd. Men dette er nok once in a life time, seier Svensson.

Her ble en fiskekrok fra eldre steinalder funnet ved Kleive i Molde.

Her gjekk sambuarparet tur med bikkja då dei fann fiskekroken frå steinalderen.

Foto: Agathe Smørholm