Endringar i kollektivtilbodet

Frå 1.mai blir det endringar i rutetidene til FRAM. Det gjeld både buss, ferje og hurtigbåt, og skuldast kutt i kollektivtilbodet som blei vedtatt i fjor haust. Mellom anna blir avgangane til nattbussen i Kristiansund i rute 810 tatt bort (ikkje under Tahiti-festivalen). Også avgangane til hurtigbåtrute 39, Molde-Vestnes-Sekken, blir tatt bort søndagar og heilagdagar. Oppdatert ruteinformasjon finn du på frammr.no.

Buss, Fram Ekspress
Foto: Tore Ellingseter / NRK