Ørn på botnen
Ørn Horten er førebels godt plassert heilt på botnen av 1.divisjonstabellen saman med Alta. Med siger over Hødd kan Ørn få trua på at dei kan berge plassen. Difor er det ekstra viktig for Høddarane å halde bruntrøyene frå Vestfold langt bak seg på tabellen.
I fjor vart det 0-0 mellom dei to laga, medan Hødd tapte heile 5-0 for to år sidan. Og ein sugen lagkaptein Andre Nevstad som er tilbake for fullt etter skade seier det no er på tide med ein trepoengar i Horten.
Sterk kvartett tilbake
I tillegg til Nevstad er også Magnus Myklebust, Dag Roar Ørsal (bildet) og Geir Televik tilbake på laget, medan Sindre Eid må sone for gule kort. Nevstad meiner laget er sterkare no enn mot Fredrikstad sist helg.
Nevstad seier at meniskoperasjonen han tok har vore vellykka, og at det no er opp til han sjølv å stole på at kneet er i orden. Han prøvde seg dei fem siste minutta mot Fredrikstad sist helg, men etter ei god treningsveke er han trygg på at beinet skal halde.