Hopp til innhold

Elleve nye smittetilfelle i Molde

Molde kommune melder om mange nye smittetilfelle sundag. Ytterlegare ni personar er smitta som blir knytt til same miljø som dei tre handballspelarane, som blei meldt smitta laurdag. Ein av dei smitta jobbar ved Glomstua omsorgssenter, og åtte pasientar og tre kollegaer er sett i karantene. Ein annan jobbar på sjukehuset, der ti pasientar og fem tilsette er i karantene. Smittekjelda har det enno ikkje funne. I tillegg til dette er to personar smitta etter å ha hatt nærkontakt med smitta personar frå Kristiansund i jula. 30 personar er i karantene som følgje av dette, mange av desse elevar ved Molde og Romsdal vidaregåande skule. Totalt har kommunen sett rundt 130 i karantene, mens sjukehuset har sett 15 i karantene.

Molde by
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL