NRK Meny

Ekstraberedskap for brann

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har sett inn ekstraberedskap på skogbrannhelikopteret allereie i dag. Det er stor skogbrannfare i store delar av landet denne helga. Helikopteret er i fast beredskap frå 15. april til 15. august og skal dekke heile Sør-Norge. – DSB overvaker skogbrannfaren og kan sette fleire helikopter i beredskap i periodar med stor skogbrannfare, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB. Til no i år har det blitt registrert 112 grasbrannar og 27 brannar i skog og utmark. Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland er fylka som har vore ekstra utsett i år.

Løebrann Sandsøya
Foto: Endre Vorren / Vestlandsnytt