Hopp til innhold
Geir Nordli
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Eksklusjon frå Senterpartiet

Oppsummert

Geir Nordli vart 9. september ekskludert frå Senterpartiet. Lokalpolitikaren frå Nordmøre har anka vedtaket.

  • Nordli bekrefta ekskludert

    Senterpartiet har forkasta anken frå Kristiansund-politikaren Geir Nordli. Han vart ekskludert frå partiet 9. september, men anka seinare vedtaket. I ein mail til Nordli sin advokat Erik Wold skriv Sp-generalsekretær Knut M. Olsen at sentralstyret har bestemt seg for at vedtaket om eksklusjonen av Nordli framleis står. Nordli seier til NRK at han er svært skuffa over at han ikkje har fått innsyn i saka i det heile. Han veit derfor ikkje kvifor han er ekskludert.

  • Anken framleis ikkje behandla

    Senterpartiet har enno ikkje behandla Geir Nordli sin anke etter at han vart ekskludert frå partiet 9. september. Den gongen var det fylkespartiet som ekskluderte Nordli grunna upassande åtferd. Men Nordli valde å anke vedtaket, og den er det sentralstyret i Senterpartiet som skal behandle. Trass i at det er over tre veker sidan anken vart sendt inn har dei enno ikkje behandla saka. Det bekreftar generalsekretær Knut M. Olsen til NRK.

  • Har ikkje behandla anka enno

    9. september vart det kjent at Geir Nordli vart ekskludert frå Senterpartiet. I etterkant har lokalpolitikaren frå Kristiansund anka avgjerda til sentralstyret i Senterpartiet. Men dei har enno ikkje avgjort saka. – Vi har teke imot anken, men ikkje behandla han. Nordli har alle rettigheiter medan anken blir behandla, seier generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen, til NRK.

    Geir Nordli
    Foto: Anne-Mari Flatset / NRK