Eitt års fengsel for mishandling

Ein mann frå Romsdal er dømt til eitt års fengsel for grov mishandling mot sambuaren sin. Ifølgje dommen var mannen i slutten av 20-åra valdeleg mot kvinna over ei periode på fleire år, og skal mellom anna ha slått, sparka og tatt kvelartak på ho. Mannen blir også dømt til å betale 100.000 kroner i erstatning til kvinna.