Hopp til innhold

Må skrive om historia til stavkyrkjene

Lenge har ein trudd at stavkyrkja på Kvernes på Nordmøre har vore frå mellomalderen, men det viste seg å ikkje stemme.

Kvernes stavkyrkje

KVERNES STAVKYRKJE: Denne stavkyrkja ligg på Averøya på Nordmøre. Kyrkja er no datert til å vere bygd rundt 1633.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Nede ved sjøkanten på Kvernes i Averøy kommune, ligg stavkyrkja Kvernes. Lenge har ein trudd at denne kyrkja vart bygd i mellomalderen, slik som mange av dei andre stavkyrkjene i Noreg, men nye undersøkingar viser at denne kyrkja vart bygd i 1633.

– Dette endrar den norske stavkyrkjehistoria, og eg synest dette er eit veldig spennande perspektiv, seier Astrid Galstad, rådgjevar for formidling i fortidsminneforeininga.

Astrid Galstad, rådgjverar for formidling i fortidsminneforeininga.

SPENNANDE: Astrid Galstad som jobbar i fortidsminneforeininga syns det er spennande at kyrkja er nyare enn ein har trudd.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

For tidlegare har ein trudd at stavkyrkjer ikkje vart bygd etter mellomalderens slutt, men undersøkingar på Kvernes tyder på at denne stavkyrkja vart bygd hundre år etter mellomalderen.

Tidfesta kyrkja ved hjelp av treverket

Den eldste stavkyrkja i Noreg skal vere Urnes, som er datert til rundt 1130. For å tidfeste stavkyrkja på Kvernes har dei bora eit hol i treverket, og analysert prøvene.

Prøvene som vart henta ut frå denne tre

TØMMER: Analysane viser også at det er brukt lokalt tømmer frå Nordmøre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg trudde den var eldre, men no må vi skrive om historia, seier Ann-Kristin Sørvik, som driftsansvarleg i Kvernes stavkyrkje.

Sjølv om beskjeden kom som eit sjokk på lokalbefolkninga, så er det positivt å vere med og skrive om historia.

– Vi kan ikkje vere skuffa, men uansett så har vi no den yngste stavkyrkja i landet, og det kan vi vere stolte av, seier Sørvik.

Viktig for forsking

– Vi har mange stavkyrkjer frå 1100-talet, men ingen frå så seint som 1600-talet, seier Linn Willetts Borgen, som er stavkyrkjeforskar ved universitetet i Oslo.

Inne i kyrkja finn ein ei minnetavle som viser at ein tilsynelatande nyare del av kyrkja, som ein kallar koret, vart reist i 1633. Men ein trudde at sjølve kyrkjeskipet var mykje eldre.

– Desse undersøkingane viser at alle delane av kyrkja vart bygd samstundes, og det er spennande, seier Borgen.

Denne tidfestinga av Kvernes stavkyrkje viser at ein har halde på tradisjonen med å bygge stavkyrkjer lenger enn ein har trudd tidlegare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL