Hopp til innhold

Stavkyrkje tar grep mot turistbæsj

I fjor fann dei som bur på Ornes bæsj i hagane sine. No vil stavkyrkja avgrense cruiseturistar og gruppereisande som kjem på besøk.

Urnes stavkyrkje

MANGE TURISTAR: Det har aldri vore fleire besøkande til stavkyrkjene i Sogn. No tar stavkyrkja grep.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

I bygda Ornes ved Lustrafjorden i Sogn bur det 34 fastbuande, men på sommaren kryr det av folk.

I fjor sommar var rundt 25.000 turistar innom verdsarv-stavkyrkja på det vesle neset.

Men med berre tre toalett som venta dei besøkande, såg enkelte seg nøydde til å bæsje i frukthagane.

Bæsj på Urnes

Slik såg det ut i hagen til Rakel Skagen i fjor sommar (arkivfoto)

Foto: Privat

No tek stavkyrkja grep for å unngå bæsj på avvegar og lette på turisttrykket.

Løysinga?

Eit nytt toalett, og færre cruiseturistar og gruppereisande.

Det er nemleg desse som skaper mest utfordringar for kyrkja, då det er mange med dårleg tid som kjem på samstundes.

På Urnes var om lag éin av fem besøkande ein del av ei større gruppe.

Vil spreie besøket over fleire dagar

Fjoråret var ein rekordsesong for turisme i heile landet. Stavkyrkjene var ikkje noko unnatak, og dei fem stavkyrkjene i Sogn hadde til saman over 100.000 besøkande.

Bæsj på avvegar, og mykje trafikk på smale og tronge vegar er nokre av utfordringane rekordsesongen førte med seg.

Ola Fjeldheim i Fortidsminneforeningen, som eig stavkyrkjene, seier dei historiske bygga toler besøket, men at foreininga likevel må gjere tiltak for å dempe slitasjen.

– Hovudpoenget er at besøket skal bli spreidd over fleire dagar og utover sesongen.

Kor hadde du bæsja om det ikkje var tilgjengeleg toalett? 💩 ⛪️

Fortidsminneforeininga har rekna seg fram til at dei no ønsker maks 400 besøkande i kyrkje i løpet av ein dag.

Då har dei mellom anna sett i verk desse tiltaka:

  • Fjerna rabatten gruppereiser, og inngangsprisen er auka med 20 kroner. No kostar billetten 130 kroner.
  • Dei tillèt òg berre éin turistbuss i timen, noko som også kan redusere talet på cruiseturistar sidan dei bli bussa frå cruisehamna til Ornes. Tidlegare var det ingen grense på kor mange bussar som kunne komme i løpet av ein dag.
  • Grupper må booke inngang til kyrkja på førehand.

Fjeldheim seier at dei likevel ikkje kan nekte busselskapa å køyre opp til kyrkja, då vegen er ein offentleg fylkesveg.

– Dei fleste reiseoperatørane tar kontrakt på førehand, og vi jobbar med å informere dei om maksgrensa.

Borgund stavkyrkje i Lærdal har allereie hatt god erfaring med å avgrense turiststraumen.

Her har kyrkja betrakteleg færre cruiseturistar, enn på Urnes.

Særleg førehandsbooking av store grupper har fungert bra, seier dagleg leiar Marit Wøllo.

– Då kan eg passe på at turistane fordeler seg utover dagen og bemanne opp etter kor mange som kjem.

Turistar ved Urnes stavkrkje

Mange besøker stavkyrkja på Ornes i løpet av sommaren. I fjor var taler 25 000.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Dritproblem over heile landet

Mange turistar og få toalett er eit velkjend problem her til lands.

I Lofoten er både fastbuande og naturforvaltarar lei av å få natur og hagar nedgrisa av avføring frå turistar.

Reiselivet i både Lofoten og på Vestlandet har teke til orde for turistskatt for å finansiere betre toalettfasilitetar og søppelrydding, men i forslaget til statsbudsjettet for 2024 var det ingen forslag om turistskatt.

I fjor braut desperate turistar seg inn på toalett i Vestkapp i Stad kommune, som restauranteigaren var lei av å ikkje få betalt for å drifte.

Toalett

I fjor braut desperate turistar seg inn på restauranten på Vestkapp i Stad (arkivbilde)

Foto: Kristina Leknesund Myrseth

Også årets sesong kan by på toalettproblem.

Dei kommunale toaletta heilt fjerna, og det er framleis ikkje funne ei offentleg toalettløysing på kor turistane skal gjere frå seg.

Dei einaste toalettet på staden er no på restauranten.

Eit nytt toalett

Trass mange tiltak, må turistane på Ornes likevel sjå langt etter mange fleire toalett.

Fortidsminneforeininga prøver likevel å få sett opp éit toalett til.

Akkurat korleis dei skal gjere det er framleis usikkert, men Fjeldheim understrekar at det er naudsynt.

Eg tenker vi må ha det. Vi har ikkje den løysinga akkurat no, men det er heilt opplagt at vi treng eit nytt toalett.

Les også Her har dei funne løysinga på do-problemet

Bjørn Harald Djønne i Reint AS vasker spegel