Hopp til innhold

Slik skal stavkyrkja sjå ut når ho er ferdig

Eldsjelene bak Setesdal stavkyrkje er eitt steg nærare å realisere noko som ikkje har blitt gjort på over 800 år. Ei stavkyrkje som er bygd på gamlemåten.

Modell Setesdal stavkirke

Slik skal kyrkja sjå ut når ho er ferdig. Setesdal stavkyrkje skal gje ringverknader langt utover landsdelen viss ho blir realisert.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

RETTING: I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv vi at det er 1000 år sidan ei kyrkje blei bygd på gamlemåten. Det riktige er 800 år.

– Vi kan ikkje seie anna enn at vi er nøgde, seier Øyvind Jacob noko audmjukt.

Saman med Marton Lakselva og Øyvind Mauren har dei tre karane brukt om lag 1800 dugnadstimar på å lage ein modell av Setesdal stavkyrkje.

Modellen viser korleis kyrkja skal sjå ut når ho etter planen skal stå ferdig i 2028.

No kan dei endeleg vise modellen fram.

– Det blir til saman eit årsverk vi har brukt, men det har vore vel nytta timar, fortel dei.

Les også Sandra (35) har fått eit oppdrag som ingen har gjort på 1000 år

Sandra Birkenes, Prosjektleder stiftelsen Setesdal stavkyrkje

Skapar engasjement

Sandra Birkenes er prosjektleiar for stavkyrkjeprosjektet. Ho er svært glad for å sjå modellen ferdig.

Ho jobbar for tida med finansieringa som skal sikre at stavkyrkja blir bygd.

Sandra Birkenes om ny stavkirkemodell som er ferdig

PROSJEKTLEIAR: Sandra Birkenes i Stiftinga Setesdal stavkyrkje er svært glad for at modellen er ferdig.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Saman med Håndverksinstituttet har ho sendt ein søknad til Sparebankstiftelsen DNB på fleire titals millionar kroner. Svaret er venta i desse dagar.

Førebels ligg budsjettet deira på 140 millionar kroner.

Les også KEiiNO inspirert av slåttestev i Melodi Grand Prix-låt

Keiino MGP 2024

Birkenes trur modellen vil hjelpe dei i arbeidet med å skape engasjement og støtte til prosjektet.

– Det er jo noko heilt anna å vise fram denne modellen enn ein bunke med skisser på papir, seier ho.

På gamlemåten

Det vil koste om lag 40 millionar kroner å byggje sjølve stavkyrkja.

Grunnen til at budsjettet er tre gonger så høgt, er fordi ein ynskjer å byggje stavkyrkja på gamlemåten.

Det vil seie så prosessuelt autentisk som mogleg.

MODELL: Øyvind Jacob og Marton Laksesvela viser hvordan stavkirken vil se ut.

MODELL: Øyvind Jacob og Marton Laksesvela viser korleis stavkyrkja vil sjå ut.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Ifølge Håndverksinstituttet har dette aldri blitt gjort før. At ein frå start til slutt byggjer slik ein ville gjort det for 800 år sidan.

Traktor blir til dømes erstatta med hest. Og elektrisk sag blir erstatta med øks.

Les også Lokker barnefamilier med millionstøtte

Familien Uppstad i Valle

Alt skal forskast på, og kunnskapen om mellomalderbygg skal formidlast vidare til nye generasjonar med handverkarar.

Så mange som 1000 unge handverkarar skal involverast i prosjektet.

Kva viss de ikkje får pengane?

– Viss vi får nei så må vi snu om på heile prosjektet. Vi må kanskje tone ned fokuset på utdannings- og forskingsprosjektet. Men å ikkje byggje stavkyrkje er ikkje noko alternativ.

Skal stillast ut

No skal modellen stillast ut ved Setesdalsmuseet på Rysstad, berre eit steinkast unna der stavkyrkja kjem.

Leiar for Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira, seier det er eit fantastisk arbeid som har blitt gjort med modellen.

Nå gler ho seg til å vise fram og visualisere byggeskikken i sommar.

– Det er eit fint høve til å fortelje små og store om alle dei spennande historiene, segnene og figurane som opptrer i alle treutskjeringane som finst i portalane til stavkyrkjene.

Hind Helene Harira er leder for Setesdalsmuseet.

SPENT: Hind Helene Harira er leiar for Setesdalsmuseet.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %