– Eg høyrde eit kraftig drønn, det var ei skremmande oppleving

Eit fly måtte lande på Vigra med berre ein motor. Passasjerane skal ha høyrd eit smell frå venstre motor.

Flyet har nettopp landet på Vigra.

TRYGT: Flyet landa trygt på Vigra.

Foto: Frode Berg / NRK

– Pilotane fekk ei teknisk feilmelding frå venstre motor, og måtte stengje den ned, då er prosedyrane slik at ein må lande på nærmaste flyplass, seier Arne Lid Skodje i politiet.

Flyet landa på Ålesund lufthamn, Vigra, utan problem, men nokre av passasjerane vart bekymra.

– Eg høyrde eit kraftig drønn, og flyet rista, det var ei skremmande oppleving, seier ein av passasjerane om bord, Odd Kristian Dahle.

Samstundes seier han at alt vart handtert som det skulle av mannskapet om bord. Dahle blir no booka om for å ta eit seinare fly i kveld.

Odd Kristian Dahle

SKREMMANDE OPPLEVING: Odd Kristian Dahle var om bord i flyet då eine motoren slutta å fungere.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Politiet bekreftar at også andre passasjerar skal ha høyrd eit smell då dei mista motorkrafta. Det var 93 passasjerar om bord i flyet.

– Nokon seier at dei såg eit lysglimt, og høyrde eit smell frå venstre motor, da blir ein naturleg nok bekymra, seier Skodje i politiet.

Det var eit fly frå Norwegian, som kort tid etter at det letta frå Vigra måtte snu og reise tilbake til Vigra. Årsaka til at dei mista motorkrafta er ikkje kjend.

Laster Twitter-innhold

Flyet var på veg til Oslo då det måtte snu. Alle naudetatane rykte ut for å hjelpe til.

Flightradar24.com

MÅTTE SNU: Flyet måtte snu like etter at det letta frå Vigra.

Foto: Flightradar24.com

Må undersøke flyet

– Det var ikkje ei naudlanding, men ei sikkerheitslanding, seier Charlotte Holmbergh Jacobsson, presseansvarleg i Norwegian.

Ifølgje Norwegian fekk dei beskjed om at det kunne vere ein teknisk feil på flyet, og valde derfor å snu og lande på Vigra igjen, men presseansvarleg vil ikkje seie noko om kva for teknisk feil det var.

– Flyet landa trygt på bakken igjen, og det vil no bli undersøkt, seier ho.

Passasjerane blir no tekne hand om av personalet på bakken.

– Vi skal gjere det vi kan for å få dei vidare dit dei skal, seier Jacobsson.