Hopp til innhold

Ein populær realfagslærar takkar for seg

Denne veka ryddar Knut Tomren (67) arbeidspulten sin. Med det mistar Spjelkavik VGS det som har vore ein viktig ressurs gjennom mange år.

Knut Tomren

Sjå TV-reportasjen: Spjelkavik vidaregåande skule i Ålesund mistar ein av sine mest populære lærarar når avdelingsleiaren i realfag, Knut Tomren, går av med pensjon.

Etter førti år i skulen takkar ein svært populær lærar for seg. Realfagslæraren Knut Tomren blir pensjonist og denne veka ryddar han kontoret sitt ved Spjelkavik vidaregåande skule i Ålesund. Sjølv på sin siste arbeidsdag er det ikkje mangel på engasjement hjå avdelingsleiaren i realfag.

– Det er ikkje til kome bort ifrå at det er i kontakten mellom lærar og elev at undervisning og produksjon går føre seg. Det må verdsetjast og vernast som det viktigaste i skulen, seier Tomren.

Fekk skryt av stjerneelev

Andreas Gaustad

Andreas Gaustad fekk 24 av 24 moglege seksarar på vitnemålet sitt. Han gir delar av æra til læraren sin, Knut Tomren.

Foto: NRK

Gode resultat kan han vise til. Blant dei siste elevane han følgde i mål var det ein som hadde 26 seksarar på vitnemålet. Då Andreas Gaustad var i NRK-studio for å fortelje om bragda si, delte han mykje av æra med gode lærarar.

– Sånt hjelper utruleg på, fortalde han og trekte fram Knut Tomren som ein av dei fremste.

– Viktig å sjå elevane

Sjølv sit ikkje Tomren på klare svar på kvifor han har gjort det så godt som lærar, men nokre tankar har han sjølvsagt.

– Det er vanskeleg å seie. Eg har forsøkt å gjere så godt eg kan. Eg meiner at eg har relativt god greie på faga mine. Eg har forsøkt å kome i kontakt med elevane og etter fattig emne også sjå dei, seier Tomren.

– Elevar er så forskjellige, og må behandlast ulikt, avsluttar han.