Hopp til innhold

Eigaren kasta ut apparatet då brannalarmen gjekk

Både politiet og brannvesenet i Ålesund måtte rykke ut til Fredsberg i natt då ein brannalarm blei utløyst. Då nødetatane kom fram hadde eigaren kasta apparatet utandørs.

Politiet i arbeid.

Politiet hadde nok å gjere, sjølv om det ikkje har vore dei store hendingane i natt.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

«Brann» er stikkord også for ei hending i Stranda seint i går kveld, for der blei eit brannsløkkingsapparat brukt til å gjere skadeverk i ein privatbustad. Det er oppretta sak og politiet har spor å gå etter.

Skadeverk og bråk blei det også på ein privatfest i Hareid. Gjestar som verken var inviterte eller som ville gå var årsaka. Frå ein privatfest i Ålesund blei også personar viste bort, og festen blei avslutta. Då hadde den utvikla seg til mindre fest og meir ordensuro og handgemeng.

Yppa til bråk

Festen tok slutt også for ein mann i 40-åra, som var agressiv og yppa til bråk i Keiser Wilhelmlsgate i Ålesund. Vedkomande blei bortvist frå sentrum. Ein mann i 20-åra hadde andre behov, og blei meldt for urinering på offentleg stad i sentrum.

I trafikken var det uhell eller ulykker både på utsida av Nebbetunnelen på Åndalsnes i Rauma, ved Dragsundet i Skodje og i Rensvikbakken i Kristiansund. Ingen av stadene blei det personskade, og ulykkene medførte ikkje stengde vegar.

Elles i trafikken er ei kvinne i 40-åra meldt for køyring av ein bil som hadde utgåtte prøvekjennemerke. Dette skjedde i Ørsta. I Ålesund er ein mann i 20-åra meldt for køyring utan gyldig førarkort, og i Skodje er det mistanke om ruskøyring i samband med ei utforkøyring. Sjåføren var i slutten av tenåra.