Hopp til innhold

Ei stakkars brevdue

I Naturtelefonen 27/10 fortalde Otto Berg frå Skodje om ein blå fugl han fann på fjellet og som var svært fortruleg. Alv Ottar Folkestad kan fortelje mykje om fuglen ut frå det biletet som Berg tok...

Brevdue i fjellet
Foto: Otto Berg

Otto Berg kom så nær som eit par meter. Han syntest fuglen likna på ei due, men han var større enn ei vanleg ringdue, og fargen var skikkeleg blå.

Brevdue

Ornitolog Alv Ottar Folkestad fortel at dette er ein årsunge av brevdue som må vere komen på avvegar. For ei så ung brevdue er det svært viktig å vere i lag med flokken, men likevel er det ikkje uvanleg at slike "tenåringar" rotar seg vekk.

Har det ikkje godt

At denne dua ikkje kjenner seg heilt til pass, ser Folkestad av måten ho sit på, og av at fjørene ligg tett og glatt inntil kroppen. Ei avslappa due blæs seg litt opp og held fjørene meir ut frå kroppen. Korleis det gjekk med denne dua, er uvisst. Åleine i fjellet er ho eit lett synleg bytte for hauk og falk. Om ho har overlevd, har ho nok søkt selskap med andre duer.