Hopp til innhold

Skal ha sovna på jobb – fekk sparken

Medan alarmane frå pasientromma ringde skal nattevakta ha sove tungt på vaktrommet. Kollegaene torde ikkje å vekkje henne.

Vindu på sjukeheim i Møre og Romsdal. Lys i vindauge.

KVELD PÅ SJUKEHEIMEN: Den trøytte nattevakta fekk sparken på denne sjukeheimen. No går ho dagvakter på ein annan institusjon i kommunen.

Foto: ROAR STRØM / NRK

Den erfarne nattevakta skal ha hatt store problem med å halde auga opne når ho var på jobb. I staden for å vake over gamle og sjuke, skal ho fleire gongar ha falle i søvn.

I oppseiingsbrevet går det fram at kommunen til slutt ikkje torde å ha henne på nattevakt på sjukeheimen: «Arbeidsgiver har ikke lengre tillit til at du vil kunne holde deg våken i hele arbeidstiden mens du er på nattevakt.»

Nyleg slo Møre og Romsdal tingrett fast at kommunen var i sin fulle rett då dei sa opp den trøytte nattevakta.

Varsla leiinga om soving

Mange av kollegaene var unge vikarar, og fleire av dei skal ha oppdaga at kvinna hadde sovna på vakt.

I dommen kjem det fram at ingen av dei torde å vekkje henne, sjølv om alarmane ulte og dei måtte springe til frå andre avdelingar.

I staden gjekk vikarane til leiinga. Det førte til at nattevakta i 2018 fekk ei skriftleg åtvaring etter at ho skal ha blitt funne sovande på sofaen på pauserommet med dyne. Også i 2019 og 2020 varsla fleire av kollegaene om det same. Til slutt sette kommunen foten ned og sa henne opp. I eitt av varsla foreslår ein av kollegaene som tiltak: «At man slutter å sove på nattevakt».

Klokkene på avdelingen personen hadde ansvar for ringte i over l0 min uten at de ble tatt, var selv opptatt med å ta klokkene på min egen avdeling og gikk deretter over til avdeling [namn på avdelinga] for å hjelpe der, da fant jeg personalet sovende i en stol med et teppe over seg.

Frå avviksmelding 29.05.2019
Sjukeheim

Møre og Romsdal tingrett slår fast at det er alvorleg for pasientane si helse og tryggleik dersom tilsette søv på vakt. Nattevakta kom difor ingen veg då ho stemna kommunen for retten for usakleg oppseiing.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Ikkje greitt i det heile tatt

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier ho aldri har høyrt noko liknande.

– Dersom du skal passe på folk som er i siste fase, så skal du ikkje sovne, det er ikkje greit i det heile tatt, seier ho.

Tidlegare i år braut ei anna nattevakt lova då han sovna då han skulle passe på eit alvorleg sjukt barn. I Trondheim i fjor fekk ein helsearbeidar sparken på dagen for å ha sovna, ein hjelpepleiar fekk åtvaring frå Helsetilsynet i 2017.

Eldreombud Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier det er uhøyrt å sove enten ein jobbar natt eller dag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Framleis i jobb

Den tidlegare nattevakta har no fått arbeid på dagtid. Ho nektar framleis for å ha sove på vakt. I retten hevda ho at kollegaene klaga fordi dei sjølve var redde for å misse jobbane sine.

No er ho dømd til å betale sakskostnader på 127 000 kroner.

Rune Lium

LO-advokat Rune Lium seier den tidlegare nattevakta i Møre og Romsdal førebels ikkje har bestemt seg for om ho vil anke saka.

Foto: Cathrine Dillner Hagen

Kommuneleiinga ønskjer ikkje å kommentere saka, men i oppseiingsbrevet heiter det: «Arbeidsgiver ser svært alvorlig på når nattevakt sover i arbeidstiden, og anser slike handlinger for et klart brudd på tillitsforholdet, lojalitets og lydighetsplikten som følger arbeidsavtalen».

Kvinna sin forsvarar, LO-advokat Rune Lium, seier dei førebels ikkje har tatt stilling til anke. Dommen frå Møre og Romdal tingrett er dermed ikkje rettskraftig.