Hopp til innhold

Egg frå Sunnmøre skal redde fattige på Zanzibar

Fattigdommen skal reduserast, matkvaliteten skal aukast og likestillinga på Zanzibar skal bli betre – alt ved hjelp av gule eggeplommer.

John John Bruseth sitt eggprosjekt i Afrika

GULLEGG: Til venstre ser vi eit speilegg laga av sunnmørsegg klekt på Zanzibar, også kalla «golden eggs». Til høgre eit vanleg lokalt speilegg. Det er ulike typar hønsefôr som gjer at fargen på plommene er ulik.

Foto: Johooo

– Eg er jo ein mann med ein vill idé. Eg blir sett på som ein original og kanskje ein tulling av enkelte. Men så kjem det inn ekspertar i biletet som ser potensialet i prosjektet. Brått blir det ein realitet, seier John John Bruseth til NRK.

Ålesundaren har lenge engasjert seg for Afrika, der han også har budd. Fargeklatten, som mellom anna er kjent som musikar og politikar, har også prøvd seg på prosjekt i Afrika som ikkje har gått så bra.

Hadde berre kvite plommer

John John Bruseth sitt eggprosjekt i Afrika

IDEALIST: John John Bruseth vil hjelpe kvinner på Zanzibar til høgare inntekter og betre levekår. Her saman med Aisha, ei av kvinnene Bruseth ønskjer å hjelpe.

Foto: Johooo

Men Bruseth sitt selskap Johooo, der også skodespelaren Mari Maurstad sit i styret, satsar denne gongen på egg frå Sunnmøre.

Det trengst ei forklaring:

I alle dei år hadde det berre vore egg med kvite eggeplommer på Zanzibar, øya utanfor Tanzania på Afrikas austkyst. Dette fall ikkje i smak hos dei europeiske turistane, fortel Bruseth.

Derfor begynte hotella å importere egg med gule plommer frå land som Italia, Sør-Afrika og Brasil.

Men med det mista også mange av dei lokale eggprodusentane sitt inntektsgrunnlag.

Rune Haram, Mari Maurstad, John John Bruseth

SAMARBEIDER: Rune Haram i Sunnmørsegg saman med Mari Maurstad og John John Bruseth i Johooo.

Foto: Johooo

Norges Vel vart med

Alt for fem år sidan sat John John Bruseth og funderte på korleis han kunne snu denne utviklinga.

Tre år seinare gjekk han tilfeldigvis forbi ein reklame for Sunnmørsegg, som sa dei hadde dei gulaste eggeplommene i Norge. Bruseth tok kontakt med drivaren Rune Haram.

I løpet av dei to siste åra har dei vore på Zanzibar og sett at egga kan få gule plommer ved å endre foret til hønene. Dessutan har dei sjekka marknadsgrunnlaget med hotella.

Zanzibar, Afrika

Prosjektet let seg endeleg realisere sist veke då John John Bruseth og Johooo fekk støtte frå Norges Vel, ein organisasjon som jobbar for å fremje livskraftige lokalsamfunn både nasjonalt og internasjonalt.

REINAART PRETORIUS

Reinaart Pretorius i Norges Vel.

Foto: Mats Olsen

– Her kan vi kjempe mot fattigdom samtidig som vi jobbar for matsikkerheit. Dessutan fører det til næringsutvikling og fremjar kvinnene på Zanzibar sine rettigheiter. Vi meiner det er eit stort potensial for Johooo sitt prosjekt, seier Reinaart Pretorius, utanlandssjef i Norges Vel.

Organisasjonen har tatt på seg å organisere prosjektet på Zanzibar.

Vil mangedoble inntektene

Gullegg

Til høgre: Sunnmørsegg frå Zanzibar. Til venstre: Vanlege lokale egg frå Zanzibar.

Foto: Johooo

Men det er kvinnene på Zanzibar som skal styre produksjonen av egga. Dei vil ifølgje Bruseth kunne auke inntektene sine frå 15 til 50–100 dollar i månaden.

– Og auka inntekter til kvinnene vil igjen føre at dei får meir makt og likestillinga dermed blir betre, seier John John Bruseth.

Han kjem sjølv ikkje til å tene ei krone på prosjektet.

– Dette er rein idealisme. For meg er det ei meir enn stor nok glede å sjå at kvinnene på Zanzibar får betre kår, seier Bruseth.

John John Bruseth sitt eggprosjekt i Afrika

John John Bruseth er ein kjent mann på Nordvestlandet. Han har markert seg mellom anna som musikar og politikar. Han sit i fylkestinget i Møre og Romsdal. Han vart valt inn frå lista til Miljøpartiet Dei Grøne, men melde seg før jul inn i Pensjonistpartiet, der han også har vore medlem før.

Foto: Johooo