Hopp til innhold

Meir MDG-trøbbel på Vestlandet – fylkestopp melder seg ut

Miljøpartiet Dei Grøne slit i motbakke. Tre av fire bystyrerepresentantar i Bergen har meldt seg ut. No gjer partiet sin einaste fylkestingsrepresentant i Møre og Romsdal det same.

John John Bruseth

MELDT SEG UT: John John Bruseth vart valt inn på fylkestinget for Miljøpartiet Dei Grøne i 2015, då partiet gjorde eit godt fylkesval med 5,0 oppslutning nasjonalt. No blir Bruseth uavhengig representant ut perioden.

Foto: Trond Vestre

– Eg er ikkje mobba ut, men av omsyn til veljarane har eg bestemt meg for å melde meg ut, seier John John Bruseth.

Sist veke melde NRK at medlemmar i MDG meinte Bruseth burde ekskluderast frå partiet, fordi han er for gigantprosjektet Nordøyvegen. Han har mellom anna blitt kalla «Judas».

Tysdag kom altså Bruseth motstandarane sine i forkjøpet. Han stiller som uavhengig representant i fylkestinget ut perioden.

– Det er vemodig. Eg var jo med på å starte opp MDG i Møre og Romsdal. Men i MDG er det slik at veg er dumt. No skal eg heie fram Nordøyvegen, seier Bruseth.

Fleire utmeldingssaker

Fylkesleiar i MDG, Knut Iversen Foseide, legg ikkje skjul på at resten av fylkesstyret er ueinige med Bruseth om Nordøyvegen som vart mykje dyrare enn venta. Fylkesrådmannen meiner den kan koste 5,6 milliardar kroner, medan andre meiner prislappen er 5,1 milliarder kroner.

Knut Iversen Foseide

Knut Iversen Foseide, leiar for MDG i Møre og Romsdal, meiner Nordøyvegen vil vere skadeleg for naturen både på kort og lang sikt.

Foto: PRIVAT

– Men det er synd for oss å miste fylkestingsrepresentanten vår. Då mistar vi moglegheita til å påverke med politikken vår, sjølv om John John har sagt han vil jobbe vidare for miljøsaker i fylkestinget som uavhengig representant, seier Foseide.

Han presiserer at han ikkje synest det er greitt at medlemmar i partiet har sendt hetsande meldingar til Bruseth.

Dette er langt frå den første utmeldingssaka i Miljøpartiet Dei Grøne i år.

Den tidlegare partisekretæren Hilde Lengali melde seg ut i mars. Men det er kanskje på Vestlandet problema til partiet har vore mest synlege. I Bergen har tre av fire medlemmar i bystyret meldt seg ut.

– Ikkje unaturleg avskaling

Dette kjem på toppen av dårlege meiningsmålingar. I fylkesvalet i 2015 fekk MDG 5,0 prosent oppslutning. I stortingsvalet i fjor fekk dei 3,2 prosent. Dei siste meiningsmålingane viser ei endå svakare oppslutning.

Torkil Vederhus

Fungerande partisekretær Torkil Vederhus.

Foto: Monica Løvdahl

– Vi steig kjapt frå to til fem prosent, og for parti med ei slik utvikling er det ikkje uvanleg at det blir ein del utskiftingar gjennom ein fireårsperiode, seier fungerande partisekretær Torkil Vederhus til NRK.

Han vil likevel ikkje kalle situasjonen kritisk. Dei jobbar no med nye lister inn mot vala neste år. Og dei siste månadene, etter ein urovekkande FN-rapport om miljø, har partiet fått ei rekkje nye medlemmar.

– No ønskjer vi å gjere vårt beste val nokon sinne, varslar Vederhus.

Som seier at partiet sentralt tek John John Bruseth si utmelding til etterretning.

– Det er ingen i partileiinga som ønskte at han skulle gå av.

John John Bruseth

LAGAR SONG: John John Bruseth er ute av MDG etter usemje om kor vidt ein skal bygge Nordøyvegen på Vestlandet. Bruseth gir seg ikkje der. No vil den partilause politikaren også lage song til ære for Nordøyvegen. Songen får namnet «Når vi får til det umoglege».

Foto: Synnøve Hole

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL