Hopp til innhold

Dyrlege: – Aldri høyrt om slike mengder flått

Hundrevis av aulande flåttar i pelsen, det vart resultatet for hunden Max etter ein liten kveldstur i Sula. – Ekstremt og heilt uvanleg, seier dyrlege.

Huskyen Max

Huskyen Max er i fin form, trass i at hundrevis av flått tok tilhald i pelsen hans. Marit (t.v.) og June Eidissen har no plukka opp mot åtte hundre.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Det var torsdag kveld at June Eidissen var ute for å lufte huskyen Max på Solevågsfjellet i Sula. Ho fortel at dei gjekk på ein brei sti, og at hunden var ute i buskene berre i nokre få minutt.

– Då eg kom heim att, såg eg noko eg trudde var gjørmeflekkar. Då eg skulle spyle av desse i badekaret, innsåg eg raskt at det ikkje var gjørme. Ei elv av flått fór ned i sluken, fortel Edissen.

Plukka heile natta

Mor Marit Edissen jobba i timevis for å få bort småkrypa:

Flåttfjerning med flåttpenn

Marit Edissen brukte ulike børstar, rullar og flåttpenn for å bli kvitt flåtten.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

– Eg gav meg med plukkinga i halv sekstida i natt, men så begynte eg att klokka ni i dag tidleg.

Ho fortel om enorme mengder flått som har vorte fjerna:

– Hittil har eg talt opp mot åtte hundre flått på Max. Eg finn dei overalt, på kleda mine, på møblane, på bord og stolar. Eg hadde på meg regnjakke for å beskytte meg mot flåtten, men det hjelpte ikkje, dei kravla i hopetal opp igjennom armane mine. Mannen min hadde smørt på seg flåttmiddel, men det brydde heller ikkje flåtten seg noko om, seier ho.

Kan bli sjuke

Hundar kan bli sjuke av flåttsjukdommen borreliose, men det er nokså sjeldan, fortel dyrlege Siw Røeggen Lødemel:

katt

Veterinær Siw Lødemel seier hundar er meir utsette for å bli sjuke av flåttbit enn til dømes kattar, men at det likevel er sjeldan.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Eg har hatt nokre hundar i år som har vorte sjuke av flåttbit. Symptoma er ofte at dei får høg feber og haltar på ein fot. Har dei blitt sjuke, må det ofte fleire rundar med antibiotika til for å gjere dyra friske, fortel ho.

Lødemel har aldri høyrt om at ein enkelt hund har fått så mange flått på seg:

– Det høyrest heilt sprøtt ut. Eg har berre høyrt om eit liknande tilfelle på ein kanin, seier dyrlegen. Ho vil likevel roe ned dyreeigarar som er redde for flått:

– Det finst veldig gode middel på marknaden, både tablettar, dropar og halsband, som er effektive og tek knekken på flåtten, fortel Lødemel.